
Ny godshamn på Ågotnes kan stå klar til bruk i 2028
Bergen og Øygarden kommunar er samde om innhaldet i avtalane som skal sikra etableringa av ei moderne og konkurransedyktig regional godshamn på Ågotnes. Avtalane markerer fullføringa av det mangeårige arbeidet. Avtalane som no ligg føre er avhengige av både styrebehandling i Bergen Havn AS og politisk godkjenning i begge kommunane.
Les meir.
Stafett for livet: - Eg er overvelda
Stafettleiar og øvste ansvarleg for Stafett for livet, Geir Knarvik Fjeldstad, har vanskar med å finna ord etter Stafett for livet på Ågotnes sist helg.
- Dei mange enkelthistoriene gjer sterkt inntrykk på meg. 115 figtherar stod fram som heltane våre denne dagen, seier Geir.
Les meir.
Sterk vekst i bruken av innbyggartorga og biblioteka
Frå 2020 til 2025 har talet på utlån av bøker på innbyggartorga og biblioteket auka frå 65 073 til 86 260 bøker. Det er ein auke på 33,5 prosent. Talet på besøkande har auka med 58,7 prosent i løpet av desse seks åra. Øygarden innbyggartorg og bibliotek har utarbeidd statistikk for dei seks første åra (2020-2025) i den nye kommunen for lokasjonane på Straume, Skogsskiftet og Rong.
Les meir.
Vil flytta den poliske verksemda
Formannskapet tilrår å flytta den politiske møteverksemda frå rådhuset på Straume til Rong kommunedelsenter innan andre kvartal 2027. På møtet på tysdag vart det i ei anna sak tilrådd å starta opp salsprosessen for rådhuset på Straume. I saka om lokalisering av den politiske verksemda vart det tilrådd å be kommunedirektøren om å evaluera ordninga ved slutten av valperioden i 2031.
Les meir.
Varsel om mogleg oppheving av reguleringsplanar
Med heimel i plan- og bygningslova § 12-14 første ledd varslar Øygarden kommune om mogleg oppheving av 62 reguleringsplanar. I denne omgang gjeld det planar frå heilt sør i kommunen til og med Trengereid.
Les meir.
Folkehav på Ågotnes
I strålande sommarver møtte tusenvis av deltakarar til opninga av Stafett for livet på Ågotnes på laurdag.
- De fighterar er æresgjestene våre i dag, sa stafettleiar Geir Fjeldstad før stafetten starta klokka 12.30.
- Eg håpar at de fighterar kjenner på ein varme frå alle som er her, sa ordførar Tom Georg Indrevik.
Les meir.
Ordførar Tom Georg Indrevik denne veka (24)
- 08.06.: Interne møte
Møte om regionale planar, Vestland fylkeskommune
Lunsj med NHO - 09.06.: Budsjettkonferanse formannskapet
- 10.06.: Sommaravslutning Demenskoret
- 11.06.: Møte Norske petroleumskommunar, Ålesund
- 12.06.: Generalforsamling ØyVAR
- 13.06.: Torgdagen
- 14.06.: Sentralstyremøte Høgre, Oslo
Ordføraren neste veke (25)
- 15.06.: Kystmuseet 30 år
Kontrollbesøk prosjekt bærekraftig reisemål - 16.06.: Møte m/ Telavåg Settefisk
Møte med Kulturrådet
Innlegg Statens vegvesen
Avslutningsarrangement Dale Oen Academy - 17.06.: Fjordtinget Øystese
Innlegg Sotra vidaregåande skule - 18.06.: Kommunestyret
Innlegg Sotra vidaregåande skule
Innlegg Sund Pensjonistlag - 19.06.: AU-møte Teams
Troll - Kollsnes 30 år - 20.06.: Pride i Øygarden
Skipsdåp Liegruppen
Varaordførar Anita Garlid Johannessen neste veke (25)
- 15.06.: Interne møte
- 16.06.: Møte med Telavåg Settefisk
Kulturrådet
Generalforsamling og eigarmøte i BIR - 17.06.: Junitreff, Vest Næringsråd
- 18.06.: Kommunestyremøte
Møte Frp - 19.06.. Styremøte Det Vestnorske Teater
Vigsel