Frå møtet i formannskapet 9. juni. På talarstolen Jan Utkilen (Sotralista-TVØ).I saka om lokalisering av den politiske verksemda vart det tilrådd å be kommunedirektøren om å evaluera ordninga ved slutten av valperioden i 2031. Kostnadene ved flyttinga, tre millionar kroner, skal innarbeidast i budsjettet for 2027.
I saka skriv kommunedirektøren at rådhuset på Straume skal vera tømt innan første kvartal 2027. Kommunen vil då flytta dei tilsette til eksisterande bygg andre stader i kommunen. I samband med flyttinga må kommunen avklara kvar den politiske møteverksemda skal vera i framtida. Det er tilrådd å flytta den politiske møteverksemda frå Straume til kommunedelsenteret på Rong når kommunen avviklar rådhuset.
Sotralista-TVØ føreslo å utsetja prosessen med å flytta den politisk møteverksemda til Rong til eit eventuelt sal av rådhuset på Straume vert aktuelt og at politisk møteverksemd på sikt vert prioritert lagt til nytt kulturhus ved Stovevatnet. Forslaget fekk eí røyst og fall.
Saka går til endeleg behandling i kommunestyret i neste veke.
Vil starta salsprosess for rådhuset
Formannskapet tilrår å starta salsprosessen, gjennomføra forhandlingar og henta inn bod frå interessentar når det gjeld rådhustomta på Straume. Kommunestyret skal godkjenna eit endeleg sal.
I saka går det fram at kjøpet av Solsio i Straume sentrum legg til rette for ein ny kontorstruktur i kommunen og inneber at rådhuset på sikt ikkje lenger vil vera nødvendig for kommunal drift. Sal av eigedomen vil frigje nødvendige kapitalmidlar, bidra til gjennomføring av planlagde investeringar og leggja til rette for vidare utvikling av Straume sentrum. Samstundes vil dette gje kommunen ein meir berekraftig og framtidsretta eigedomsportefølje med redusert areal og lågare driftskostnader.
Også i denne saka føreslo Sotralista-TVØ utsetjing. I forslaget hans heiter det at det lenge har vore ein politisk intensjon om å få å plass eit nytt administrasjonsbygg på Stovevatnet som eit signalbygg for kommunen til erstatning for rådhuset på Straume. Dette må sjåast i samanheng med planlegging av ny vidaregåande skule. Sal av rådhuset vert difor utsett til etter kommunevalet i 2027. Forslaget fekk eí røyst og fall.
Saka går til endeleg behandling i kommunestyret.
Øygarden 2040
I denne saka har kommunedirektøren lagt fram oppdatert kunnskapsgrunnlag om kommunen sitt samla investeringsbehov og tilhøyrande driftskonsekvensar, som del av arbeidet med Øygarden 2040.
Formannskapet tilrår å ta saka til orientering som kunnskapsgrunnlag for vidare arbeid med økonomiplan 2027–2030. Det vert bedt om at konkrete tiltak for handtering av kortsiktige behov vert lagt fram som eigne politiske saker hausten 2026, med involvering av råd og utval.
I saka skriv kommunedirektøren at det samla kunnskapsgrunnlaget viser eit betydeleg investerings- og kapasitetsbehov framover, særleg innan helse og velferd. Samstundes er dei identifiserte behova vesentleg høgare enn det kommunen realistisk kan gjennomføra innanfor gjeldande økonomiske og organisatoriske rammer.
Kommunestyret avgjer saka.
Tilrår å endra budsjettet
Som ei oppfølging av kvartalsrapport for 1. kvartal, som vart behandla av kommunestyret i mai, tilrår formannskapet å justera budsjettet med ei ramme på om lag 20 millionar kroner slik kommunedirektøren har innstilt.
Formannskapet tilrår dermed å setja av fem millionar kroner til lønsoppgjer, kompensasjon for langvakter (tre millionar kroner) og auka fire plassar på paviljongen (2,4 millionar kroner). Det er også sett av ekstra pengar til auka straumutgifter, 1,5 årsverk i familiehjelpa, tilskotsordning for nyutdanna lærarar, SFO (mindre inntekter enn budsjettert) og tilskot til nærmiljøtiltak på Ekrhovda og Misje.
Fleirtalspartia og Arbeidarpartiet føreslo at eín million av utbytte frå Eviny ASA vert disponert til ekstraordinær søknadsbasert støtte til frivillige lag og organisasjonar, retta mot tiltak for barn og unge. Levekårsutvalet får sak til første møte etter sommaren med forslag til tildelingskriterium. Forslaget vart samrøystes tilrådd.
Sotralista-TVØ fremja eit alternativt forslag som fekk tre røyster (fall).
Saka går til endeleg behandling i kommunestyret.
Avslår søknader om økonomisk støtte
Det har kome inn fleire søknadar om økonomisk støtte utanom budsjettprosessen knytt til ulike søknadsordningar for kultur og idrett i kommunen.
Skogsvåg IL, Algrøy bygdalag, Møvik og Skoge Nærmiljøpark og Sund Aktivitet- og Fleirbrukstun (SAFT) har alle sendt søknad til kommunen om økonomisk støtte.
I Øygarden kommune er det ei rekkje tilskot til kultur og idrett som organisasjonar kan søkja på. Desse har fast søknadsfrist i mars kvart år. Det er også vedtatt eigne retningsliner for forskottering av spelemidlar. Det er ikkje avsett andre midlar til søknadar som kjem i løpet av året.
Formannskapet slutta seg til innstillinga frå kommunedirektøren og vedtok å avslå søknadane.
Sotralista-TVØ fekk eí røyst (ikkje fleirtal) for eit forslag om å løyva 25 tusen kroner i støtte til arrangementet av Forbundet Kystens Landsstemne i Strusshamn 23. -26. august i år.
Andre saker
- Det vart gjennomført drøfting i forkant av generalforsamling i ØyVAR AS.
- Formannskapet tilrår å ta kostra-analysen for 2025 til orientering, og bad om at denne vert lagt til grunn for arbeidet med økonomiplan 2027-2030. Saka går til kommunestyret.
- Det vart tilrådd å godkjenna årsmelding og rekneskap for Øygarden kommune. Rekneskapen viser eit netto driftsresultat på 64,1 millionar kroner. Kommunestyret gjer endeleg vedtak.
- Formannskapet tilrår å godkjenna årsmelding og rekneskap for Øygarden bustadforvaltning KF. Rekneskapen viser eit positivt netto driftsresultat på 102 tusen kroner. Kommunestyret avgjer saka.
- Seks nye kommunar har søkt om deltaking i Vest brann- og redningsregion KO (KO: kommunalt oppgåvefellesskap). Formannskapet tilrår overfor kommunestyret at Øygarden kommune vedtar endringane i samarbeidsavtalen for Vest brann- og redningsregion.
- Formannskapet tok orienteringa om den pågåande strategiprosessen i Nettverk av
petroleumskommunar (NPK) til vitande. NKP har starta eit arbeid med å styrkja posisjonen til NPK for å få større politisk gjennomslagskraft og arbeida meir systematisk mot nasjonale styresmakter og andre sentrale aktørar.
Her kan du lesa innkalling med saksdokument.
Her er opptak frå møtet (kommune-TV).
Tekst og foto: Vigleik Brekke