Frå starten av Stafett for livetEin fighter i denne stafetten er ein person som har eller har hatt kreft. Og det var mange fighterar på Ågotnes denne dagen. I løpet av eit døger vil tusenvis deltakarar gå rundt bana på Ågotnes, både fighterar og andre. Alle inntektene knytt til arrangementet går til kreftsaka.
Ein av fighterane er Tone Eimhjellen Bildøy. Ho fekk påvist tarmkreft i 2017 og brystkreft i 2024.
- Det er supert med ein stafett som dette, men eg tenkjer også på andre som er ramma av alvorleg sjukdom, men som kanskje ikkje får så stor merksemd som oss, seier Tone. Les meir om Tone lengre nede i artikkelen.
Tone Eimhjellen Bildøy deltok på laget til Blålys som var samansett av ambulansen, legevakta og Øygarden brann og redningOrdførar Tom Georg Indrevik sa ved opninga på laurdag at alle har på ein eller annan måte vorte berørt av denne sjukdom, anten ved å ha vorte råka sjølv eller at nokon i familien er råka av sjukdomen. Andre kjenner til nokon som har vore eller er kreftsjuk.
- Vi skal få feiar det livet vi har fått. Det er utruleg rørande å sjå den dugnadsviljen som vert vist med dette arrangmentet. I denne situasjonen vil eg slå eit slag for at vi seier takk. Det er gratis og du kan seia det til alle du vil. Det andre eg vil minna om at dette viser at vi ei i samling av bygder der vi bryr oss om kvarandre og har omsorg for kvarandre, sa ordføraren.
Frå venstre; ordførar Tom Georg Indrevik, Nina Askeland og Hans Jarle EinarsenRegionleiar i Kreftforeningen, Geir Vangsnes, kunne presentera imponerande deltaking i stafetten. Det var påmeldt 75 lag med 2 600 deltakarar. I fjor var det førehandspåmeldt 2 200 deltakarar (red. merkn.).
- Det er fantastisk å stå her. Det er eit utruleg stort engasjement for denne saka i Øygarden kommune, og det heile vert toppa med Stafett for livet. Vi kjenner på fellesskap, samhald og ei kjensle av at ein ikkje skal vera åleine.

Mange har fylt livet med eit stort alvor, og nokre kjenner på sakn, sa Geir Vangsnes.
Tone Eimhjellen Bildøy vart operert etter at ho fekk påvist tarmkreft i 2017. Ho gjennomførte strålebehandlingar og kom etter kvart tilbake i jobb. I 2024 fekk ho påvist brystkreft. Ho har fått antihormonell behandling, cellegift og operert vekk det eine brystet.
Tone Eimhjellen Bildøy- Eg har også fått strålebehandling. No får eg antihormonell behandling og går på ein del medisin, men eg må seia at eg sit med ei uvisse heile tida. Eg må leva med mange biverknader og smerter. I dag er eg her først og fremst for andre. Det vert sterkt under lysseremonien i kveld, seier ho.
Preg barnehager seier at dei er det største laget med 115 deltakararTone har også andre i familien som er ramma av kreft.
- Mor døde i 2018 av brystkreft. Ho fekk ikkje høve til å hjelpa meg som vart ramma av tarmkreft året før. Også svigermor vart ramma av kreft.
I fjor fekk Tone ei fantastisk gåve av mannen sin.
- Då fylte eg 50 år. Mannen min gjekk 50 kilometer i Stafett for livet for meg her på Ågotnes, seier Tone Eimhjellen Bildøy.
Utover ettermiddagen og kvelden var det underhaldning frå artistar og andre aktørar. Lysseremonien startar klokka 23 laurdag kveld.Stafetten vert avslutta sundag kl. 12.
Her er fleire bilete:
Tekst og bilete: Vigleik Brekke