Frå Stafett for livet laurdag 6. juniNår stafettleiaren skal oppsummera helga finn han fram mobilen for å sjekka det økonomiske resultatet. Men Geir understrekar at dette arrangementet eigentleg ikkje har eit sterkt fokus på pengeinnsamling. Dette eit omsorgsarrangement. Ei lang rekkje aktivitetar frå dei ulike laga «gjer ei stor å» og gjev eit stort og viktig økonomisk bidrag til Kreftforeningen.
- No ser eg at det er registrert nesten 800 tusen kroner. 4 137 personar er registrerte som deltakarar. Fleire var nok innom. Det er fantastisk og langt over fjoråret som hadde 3 200 deltakarar. Det som gjer mest inntrykk er alle fighterane som var med og alle dei fire tusen som stilte opp for fighterane. Desse skal me hylla og støtta så godt vi kan, seier Geir Knarvik Fjeldstad.
Stafettleiar Geir Knarvik FjeldstadArrangementet var tettpakka av godbitar. Det har vore ei lang rekkje minikonsertar, lysseremoni, lystog, morgontrim, appell og ulike opptrinn. Dei mange laga har kransa heile banen med eigne postar og telt.
- Leiargruppa er audmjuk og takksam over å av å få vera ein del av eit slikt arrangement. Vi skal evaluera arrangementet, og mykje tyder på at det vert nytt arrangement i 2027, seier ein optimistisk Geir Knarvik Fjeldstad.
Han rettar ein svært stor takk til kommunen for lånet av eit praktfullt anlegg. Kommunen har elles gjort svært mykje arbeid med tilrettelegging av stafetten. Å få lov til å arrangera stafett for livet på Ågotnes betyr mykje for mange. For nokre betyr det alt, seier han.
Les meir frå Stafett for livet sist helg her.
Tekst og foto: Vigleik Brekke