Sterk vekst i bruken av innbyggartorga og biblioteka

Frå 2020 til 2025 har talet på utlån av bøker på innbyggartorga og biblioteket auka frå 65 073 til 86 260 bøker. Det er ein auke på 33,5 prosent. Talet på besøkande har auka med 58,7 prosent i løpet av desse seks åra.

Yngvild Wiese har leia innbyggartorget og biblioteket sidan 2022 - Klikk for stort bileteYngvild Wiese har leia innbyggartorget og biblioteket sidan 2022

Øygarden innbyggartorg og bibliotek har utarbeidd statistikk for dei seks første åra (2020-2025) i den nye kommunen for lokasjonane på Straume, Skogsskiftet og Rong. Skulebibliotekkoordineringa er ein del av dette.

Utlån til vaksne har auka frå om lag 40 200 til 44 600 i løpet av desse åra.

- Dette er ei gledeleg utvikling vi har jobba hardt for å få til. Vi ser at det framleis er eit stort potensiale for å auka utlånet til vaksne lesarar gjennom målretta marknadsføring, arrangement, boksamling og innkjøp, seier avdelingsleiar innbyggartorg og bibliotek, Yngvild Wiese.

Tendensen for vaksne lånarar av bøker er at det gjerne er færre lesarar, men at dei lånar fleire bøker.

Mange låner barnebøker

Barnelitteratur og litteraturformidling til barn har alltid vore eit heilt sentralt satsingsområde for Øygarden innbyggartorg og bibliotek. Talet på utlån til barn har auka frå 33 912 i 2020 til 57 320 i fjor. Det er ein auke på 69 prosent.

- Det er gledeleg å sjå at arbeidet som har vore, og framleis vert lagt ned, fører til ei svært positiv utvikling i utlånstala av barnelitteratur. Desse utlånstala inkluderer også utlån til skular og barnehagar, seier Wiese.

I 2022 flytta Øygarden innbyggartorg og bibliotek på Straume frå dei gamle lokala i 1. etasje på Thon Senter Sartor til dei noverande lokala i 3. og 4. etasje på same senter. Etter flyttinga oppsøkte fleire folk innbyggartorget og biblioteket som er ein viktig møteplass for innbyggjarane i kommunen.

Viktig møteplass

Talet på besøkande har auka frå 84 880 i 2020 til 134 682 i 2025 (+ 58,7 prosent).

- Vi er også førstelinja til innbyggarane sitt møte med kommunen. Besøkstala viser både dei som ønskjer å nytta bibliotektenestene og dei som tek kontakt for hjelp med spørsmål om kommunale og andre offentlege tenester, seier Yngvild Wiese.

Innbyggartorget og biblioteket er ein viktig møteplass og mykje brukt lokale for arrangement. Biletet er frå ei samlinga for nyinnflytta til kommunen i april 2026. - Klikk for stort bileteInnbyggartorget og biblioteket er ein viktig møteplass og mykje brukt lokale for arrangement. Biletet er frå ei samling for nyinnflytta til kommunen i april 2026.

I 2022 vart det tilsett ein eigen arrangementskoordinator som arbeider med å skapa aktivitet gjennom kurs og føredrag. Frå 2020 har talet på arrangement auka frå 89 i 2020 til 353 i 2025. Også talet på unike nettsidebrukarar har auka kraftig desse åra.

Skulane har sjølv ansvaret for drifta av skulebiblioteka, men innbyggartorget og biblioteket har ein støtte- og koordineringsfunksjon. tillegg har koordinatorane vore sentrale med å utarbeida og forankra skulebibliotekstandarden til Øygarden kommune som eit felles styringsdokument saman med kommunalsjefområdet Oppvekst.

- Innsatsen til skulebibliotekkoordinatorane har vore formidabel og fleire av prosjekta deira har fått nasjonal merksemd, seier avdelingsleiar Yngvild Wiese.


Tekst: Vigleik Brekke
Foto: Amini Farshid