Her er ny vekerapport

I vekerapporten kan du lesa litt av det som har skjedd i veke 47.

Legg budsjett og økonomiplan på høyring

Formannskapet vedtok onsdag å leggja kommunedirektøren sitt forslag til budsjett 2026 og økonomiplan 2026-2029 på høyring i 14 dagar. I ei anna sak vart det vedteke å leggja ut tidlegare brannstasjon på Tjeldstø ut for sal på den opne marknaden. Når det gjeld budsjett og økonomiplan, vil eit forslag frå Raudt følgja saka fram mot endeleg behandling i kommunestyret.
Les meir.

Høg folkevekst så langt i år 

I løpet av tredje kvartal 2025 auka folketalet med 139 personar, viser nye tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB). Folketalet i Øygarden har auka med 376 personar i løpet av dei tre første kvartala i 2025. Dette er meir enn auken i heile 2024, som var på 337 personar.
Les meir.

- Det du er glad i, tek du vare på

Nær 90 engasjerte deltakarar møtte opp ein nydeleg vinterkveld då Øygarden kommune inviterte til inspirasjonssamling for landbruket 20. november. Dei to eksterne førelesarane denne kvelden, Tone Rønning og Maya Fugelsnes Berg, delte erfaringar om det å driva eiga bedrift med attåtnæring.
Les meir.

Budsjett 2026 og økonomiplan 2026-2029 på høyring

Formannskapet si tilråding til budsjett 2026 og økonomiplan 2026-2029 vert her lagt ut til offentleg gjennomsyn i tida 20. november til og med 7. desember 2025.
Les meir. 

- Fellesskapet gjev nye vener

Det er eit yrande liv på Fjell ungdomsskule kvar sundag ettermiddag. Då samlast 70 barn og 16 vaksne til fleirkulturelt fellesskap, leksehjelp, aktivitetar og måltidsfellesskap i regi av Den Sotra Arabiske kulturelle foreining.
- Eg er her kvar sundag, seier Alya Nasar som går i 7. klasse på Ågotnes skule. Saman med alle dei andre barna deltek Alya på aktivitetane, møter vener og får leksehjelp.
Les meir.

Gjennomslag i alle gang- og sykkeltunnelane 

Denne veka kom gjennomslaget for den siste av dei tre gang- og sykkeltunnelane. På strekninga mellom Storavatnet og Drotningsvik er det sprengt ut til saman 443 meter med tunnelar for gåande og syklande. Denne veka fekk prosjektet gjennomslag i Kipletunnelen.
Les meir.

Stengde riksveg 555 to netter i veke 47

Denne veka var riksveg 555 stengd på Bildøyna to netter. Dette førte til periodar med manuell dirigering og periodevis stenging av riksvegen i tida framover.
Les meir.

Ordførar Tom Georg Indrevik denne veka (47)

  • 17.11.-18.11.:  EEA EFTA-forum 
  • 19.11.:  Besøk frå Gasnova 
                 Formannskapsmøte
  • 20.11.:  Norske petroleumskommunar
  • 21.11.:  Møte med Kommunal- og distriktsdepartementet om Eide-planen 
  • 23.11:   Opning julemarknad Glesnes

Ordføraren neste veke (48)

  • 24.11.:  Interne møte
                 Besøk Gangstø ressurssenter 
  •  25.11.:  Equinor Oslo 
                  Innlegg Alver Høgre 
  • 26.11.:  Utdeling nynorskbøker – Tiriltunga barnehage
                 Jubileumsarrangement 40- og 25-årsjubilantar
  • 27.11.:  Samling Sotrasambandet 
                 Besøk Northern Lights 
                 CCUS UiB (CO2 fangst, - bruk- og lagring)
  • 28.11.:  BKK nettutvikling 
  • 29.11.:  Lansering bygdebok 
                Tenna julegrana på Rong

Varaordførar Anita Garlid Johannessen denne veka (47)

  • 17.11.:  Interne møte
  • 18.11.:  Fylkesstyremøte KS Vestland
                 Kontaktmøte mellom Equinor og Øygarden, nabokontaktmøte
  • 19.11.:  Formannskapsmøte
  • 20.11.:  Nyopning ST1, Straume
                Teater, den kjempestore pæra
  • 21.11.:  Budsjettkonferanse Frp, fylket
  • 22.11.:  Budsjettkonferanse Frp, fylket – vigsel+