Barna vert delt inn i grupper for aktivitetar, opplæring og leksehjelp.Saman med alle dei andre barna deltek Alya på aktivitetane, møter vener og får leksehjelp. Det vert brukt fleire klasserom og gymnastikksal. Barna får også opplæring i arabisk, men noko av det viktigaste er å gje norskopplæring.
- Det er veldig gøy å vera her. Eg likar best gymnastikk, særleg ballspel. Eg er også med på handball i Ågotneshallen på fritida. Her har eg fått mange nye vener frå Ågotnes-området og Straume-området og nemner Tasneem, Hala, Waad, Bisan og Kavkab som døme på dette.
Alya NasarImponert varaordførar
Varaordførar Anita Garlid Johannessen hadde også funne vegen til samlinga denne sundagen. Ho let seg imponera av det store frivillige engasjementet.
- Det er rørande, og eg vert sett heilt ut når eg ser dette. Eg hadde ikkje forventa så mykje aktivitet som dette. Eg er imponert over at så mange bidreg frivillig med dette kvar sundag, seier varaordføraren.
Frå venstre; Aboulsalam Kanwati, Aya Kabbara, Nebal Muhammed, Anita Garlid Johannessen og Shaimaa Almadhi.Palestinske Shaimaa Almadhi fortel at Den Sotra Arbiske kulturelle foreining starta opp i februar med 32 elevar og 12 vaksne frivillige.
- Frå juni har talet auka til 70 barn og 16 frivillige. Barna har bakgrunn frå fleire land i Midtausten. Vi hjelper barna med leksehjelp og har aktivitetar i gymnastikksalen. Vi deler inn barna i grupper etter kunnskapsnivå, seier Shaimaa.
Bra for samfunnet
Aya Kabbara bur på Søfteland i Bjørnafjorden og jobbar i forretning på Sartor Storsenter. Ho er med som frivillig og hjelper norsklærar Raied Alhitta i undervisninga.
- Eg har eit barn i 4. klasse på Søfteland skule og som er med på desse samlingane, seier ho.
- Kvifor reiser du heilt frå Søfteland for å vera med på samlingane her?
- Eg har ein son som er med her, og så er det viktig å hjelpa kva enkelt barn som er med på dette opplegget. Det har ført til at sonen er vorten meir open og er villig til å snakka om det som er vanskeleg. Dette er bra for samfunnet. Vi har behov for å koma oss ut, seier Aya Kabbara.
Aya og Raied Alhitta samarbeidet om undervisninga.Norsklærar Raied Alhitta er glad for det gode samarbeidet på samlingane.
- Vi samarbeider godt og får etablert grupper av elevar som får hjelp. Vi prioriterer norsk, seier han.
Tilbod til vaksne
Også vaksne får opplæring på desse samlingane.
Hani Hussain kjem frå Syria og er på mottak på Breistein. Han har ennå ikkje fått opphaldsløyve.
- Eg reiser gjerne hit for å vera med på dette og få opplæring i norsk. Ettersom eg ikkje har fått opphaldsløyve ennå, har eg ikkje rett til ordinær norskopplæring, seier han.
Aktivitet i gymnastikksalenRådgjevar for frivilligheit på kultur, Julia Valeska Woehlert, seier at foreininga får støtte via støtteordninga til Integrerings og mangfaldsdirektoratet (IMDi).
- Etter tilråding frå Øygarden kommune har mellom anna denne foreininga fått økonomisk støtte.
- Pengane går til utstyr som til dømes kaffitraktar, seier Shaimaa.
Den arabiske foreininga inviterer elles til to fellesmåltid i månaden på Kraftsenteret. Foreininga fordeler også mat frå Matsentralen til familiar som har dårleg økonomi.
Her er fleire bilete:
Tekst: Vigleik Brekke
Foto: Anita Garlid Johannessen og Vigleik Brekke