Budsjett 2026 og økonomiplan 2026-2029 på høyringLytt til tekstenStopp avspillingFormannskapet si tilråding til budsjett 2026 og økonomiplan 2026-2029 vert her lagt ut til offentleg gjennomsyn i tida 20. november til og med 7. desember 2025.Kunngjeringsdato: 20.11.2025Merknadsfrist: 07.12.2025Saksnummer: 25/13180Budsjett og økonomiplan – dokument i sakaSaksframlegg med formannskapet si tilrådingKommunedirektøren sitt framlegg til budsjett (med gebyr) (Framsikt)Kommunedirektøren sitt framlegg til budsjett i PDF-formatSaksframlegg med alle vedleggDet låg føre eit budsjettforslag til formannskapet 19. november frå partiet:Rødt (PDF, 84 kB)Forslaget vart ikkje realitetsbehandla og vert å rekna som innspel til saka.Dei andre partia leverte ikkje budsjettforslag til formannskapet, og vil såleis levera forslag til kommunestyret 11. desember.Endeleg behandling av budsjett og økonomiplanKommunestyret vedtek endeleg budsjett 2026 og økonomiplan 2026-2029 i møte den 11. desember 2025.Møtet kan ein sjå direkte eller ved opptak via kommune-TV.Merknader vert å senda innan 7. desemberMerknader/innspel til budsjett og økonomiplan kan sendast til Øygarden kommune innan 7. desember 2025. Merknaden bør vera kortfatta, presis og grunngjeven. Eventuelle merknader og innspel kan sendast på ein av desse måtane:Elektronisk skjema – høyringssvar E-post til: postmottak@oygarden.kommune.noPost til adresse: Øygarden kommune, Ternholmvegen 2, 5337 Rong Publisert 21.11.2025 07.39