Det var ordførar Tom Georg Indrevik som presenterte forslaget om å leggja ut budsjettet på høyring.Når det gjeld budsjett og økonomiplan, hadde Raudt i forkant av møtet fremja eit eige forslag. Dette forslaget vart ikkje realitetsbehandla, men rekna som eit innspel til saka og følgjer ho fram til endeleg behandling i kommunestyret.
Det var ordførar Tom Georg Indrevik som presenterte forslaget som vart samrøystes vedteke. Han sa at framlegget frå kommunedirektøren er godt og gjennomarbeidd budsjett.
- Framleis krev det store omstillingar, men dette gjev handlingsrom for framtidige generasjonar. Vi er ikkje nøydde til å setja av pengar til fond eller ha overskot, men utan dette vert det stopp. Eg vil halda fram med dialogen med gruppeleiarane i håp om at vi kan koma fram til ei felles plattform fram mot kommunestyremøtet den 11. desember, sa ordføraren.
Her er lenkje til budsjettframlegget frå kommunedirektøren.
Tilrår anbod på pensjonstenester
Formannskapet tilrår å lysa ut pensjonsordninga for fellesordninga på anbod med sikte på å inngå avtale frå 1. januar 2027.
I tilrådinga heiter det at kommunen godkjenner at kommunedirektøren startar anbodsprosessen i tråd med lov om offentlege anskaffingar og gjeldande regelverk for pensjonsordningar. Kommunedirektøren får fullmakt til å engasjera ekstern pensjonsfagleg rådgjeving, utarbeida konkurransegrunnlag og etablera evalueringsgruppe med deltaking frå tillitsvalde. Sak om konkurransegrunnlag og vekting vert lagt fram for kommunestyret innan 1. juni 2025.
Øygarden kommune inngjekk avtale med Storebrand Livsforsikring AS som pensjonsleverandør for fellesordninga med verknad frå 1. januar 2022.
Vil selja tidlegare brannstasjon på Tjeldstø
Formannskapet vedtok at den gamle brannstasjonen på Tjeldstø vert lagt ut for sal på den opne marknaden slik det går fram av saksframlegget. Kommunedirektøren får fullmakt til å gjennomføra salet.
Kommunestyret vedtok i desember 2024 å tilby brannstasjonen selt til ØyVAR og eventuelt venta på avklaringar om Vestprosess, Troll kondensat og kommuneplanen sin arealdel for ny vurdering av sal. Etter at ØyVAR har takka nei til å kjøpa eigedomen, har kommunedirektøren tilrådd å leggja eigedomen ut for sal på den opne marknaden.
Kvartalsrapport
Formannskapet rår til at kvartalsrapport 3. kvartal vert teken til etterretning. Saka går til kommunestyret.
Oppvekst har meldt om ein prognose for 2025 med meirforbruk på 15 millionar kroner, medan Helse og velferd har ein prognose på fem millionar kroner i meirforbruk dette året etter at kortsiktige tiltak er sette i verk. I tillegg er det ein del andre forhold som er omhandla i rapporten. Alt i alt er den totale prognosen for Øygarden kommune per september 2025 at budsjettet vil halda.
Denne positive utviklinga er eit resultat av nødvendige omfordelingar innan kommuneorganisasjonen gjennom kommunestyrevedtak i mars og eit løpande arbeid med økonomistyring. Det er praktisert restriksjonar for både reiser, kurs, tilsettingar og bruk av vikarar. Tiltaka gir verknad. I tillegg er skatteinngangen betre enn venta å langt i år.
Skatteinngangen per september månad er 49,7 millionar kroner meir enn periodisert budsjett. Skatteinngangen er omtrent kr 143 millionar høgare enn skatteinngangen i fjor på same tidspunkt.
- Sjølv om den økonomiske situasjonen framleis er krevjande, og vi ikkje er i hamn, er den totale prognosen for Øygarden kommune per september 2025 at budsjettet vil halda, går det fram av saksutgreiinga.
Budsjett for Øygarden bustadforvaltning KF
Formannskapet tilrår overfor kommunestyret å vedta budsjett for 2026 for Øygarden Bustadforvaltning KF slik det ligg føre. Framlegget balanserer med ei inntekt- og utgiftsramme på 68,5 millionar kroner og har eit netto mindreforbruk på 192 tusen kroner.
Formannskapet tilrår vidare ei investeringsramme på 30 millionar kroner i samband med kjøp av eigedom. Låneopptak er ei maksimal ramme og uttak frå lånet vert gjort etter kvart som det vert erverva nye bustader.
Andre saker
- Formannskapet tilrådde å ta finansrapport 3. kvartal til orientering slik han låg føre. Saka går til endeleg behandling i kommunestyret.
- Formannskapet vedtok lønsauke for kommunedirektøren på fire prosent.
Tekst og foto: Vigleik Brekke