Det var svært godt oppmøte på inspirasjonssamlinga.Rolla til landbruket i framtidas Øygarden
Næringssjef Marianne Furheim ønskte velkomen og takka for det formidabelt gode oppmøtet.
– Dette viser at interessa for landbruk, lokalmat og tilleggsnæringar er større enn nokon gong. Landbruket er ei viktig næring for matproduksjon og beredskap, og for skjøtsel av kulturlandskapet, sa ho.
Kvelden starta med ein gjennomgang av arbeidet med kommuneplanen (KPA). Her vart det peikt på kor viktig bygdene er for busetnad og opplevingar tett på naturen, korleis småskalaproduksjon og lokale arbeidsplassar må styrkast, og at landbruk, reiseliv og kulturlandskap heng tett saman.
– No skjer det mykje framover, og det gjeld å følgja med, oppmoda samfunnsplanleggar Eli Janette Fosso.
Samfunnsplanleggjar i Øygarden kommune, Eli Janette FossoArbeid og prosess med KPA finn de her.
Tone Rønning frå 29/2 Aurland – om å bygga ein merkevare
Første eksterne førelesar var Tone Rønning, som fortalde om korleis dei bygde opp 29/2 Aurland frå idé til etablert destinasjon. Ho delte ærlege erfaringar om gründerlivet – både gleder og utfordringar – og viste kor viktig det er å ha ein klar visjon, satsa på kvalitet og kjenna identiteten sin.
– Fake it till you make it, var Tone si oppmoding med eit smil. Ho starta frå scratch utan erfaring med reiselivs- eller gardsdrift då ho og mannen etablerte seg i Aurland i 2012.
29/2 Aurland rettar seg mot eit high-end publikum som er betalingsvillige, og Tone er tydeleg på at dei tek betalt for kvaliteten dei leverer.
– Samarbeid med andre aktørar om gode pakkar – ein kan ikkje gjera alt sjølv, men spel på dei gode kreftene rundt dykk, var hennar klare råd.
- Dette var inspirerande å høyra på, seier Linn Kittang i dialog med Tone Rønning i pausen.Matpause og gode møte
I pausen vart det servert varm bondesuppe og ferske rundstykke frå kantina i Rådhuset. Den varma ein kald novemberkveld, saman med gode samtalar og nettverksbygging – ein verdifull del av kvelden der mange knytte nye kontaktar og delte eigne erfaringar.
Maya Fugelsnes Berg – mot, arbeidsglede og å finna si eiga retning
Etter pausen delte Maya Fugelsnes Berg frå Alver historia om å byggja opp garden Nordre Solend. Ho snakka om å prøva og feila, om å finna sin eigen måte å driva på og kor mykje det betyr å ha gode folk rundt seg.
Kveldens motto kom frå Maya:
– Det vi er glade i, tek vi vare på.
Ho synte korleis ein kan kombinera økologisk drift, lokalmat, småfehald og opplevingsbaserte aktivitetar.
– Vi har garantert gjort noko feil på vegen, men vi har gjort mykje riktig óg, sa Maya – noko ein kvar gründer kan kjenna seg igjen i.
Maya Fugelsnes Berg frå Nordre Solend gardNordre Solend gard har klart å skapa ein marknad gjennom å satsa på kvalitet, men erkjenner òg at det er risiko med dette.
– Sei ja, grip sjansane og ver flinke til å formidla kva de gjer, oppmoda Maya.
I starten av føredraget synte ho ein film om Nordhordland biosfæreområde, eit UNESCO-godkjent område nord for Bergen, der delar av Øygarden er med. Biosfæreområdet fungerer som eit levande laboratorium for berekraftig utvikling, der ein kombinerer vern av natur og kultur med lokal verdiskaping. Målet er å ta vare på naturmangfaldet, fremja grøne løysingar og styrkja kunnskap og samarbeid mellom lokalsamfunn, næringsliv og offentleg sektor.
Engasjement og framtidstru
Mot slutten av kvelden delte deltakarane stikkord om kva dei tar med seg vidare. Orda som stod sterkast var:
lokalmat, historieforteljing, direktesal, reiseliv, økoturisme, natur, nettverk og moglegheiter.

Ei samling med retning og energi
Inspirasjonskvelden viste at landbruket i Øygarden står sterkt – og at det finst eit breitt engasjement for å utvikla næringa vidare.
Med fagleg påfyll, sterke personlege historier og rom for gode samtalar vart dette ei samling som både inspirerte og gav ny energi.
Takk til Vestland fylkeskommune for støtte til arrangementet!
Her er fleire bilete:
Foto: Marianne Furheim