
Brot på vassleidning
Frå tidleg tysdag tilrådde ØyVAR folk på Blomøyna, Rongøyna og Toftøyna til å koka drikkevatnet. Bakgrunnen var vassleidningsbrot. Torsdag kl. 12 meldte ØyVAR at kokevarselet er oppheva og at folk kunne nytta vatnet som normal. Det vart plassert ut naudvasstank som sikraa drikkevatnet til Tednebakkane omsorgssenter.
Les meir.
Gode råd til dei vegfarande
Statens vegvesen har gode råd til deg som vegfarande turist i heimlandet.
- Det viktigaste er å køyra trygt og visa omsyn. Og hugs at rasteplassar ikkje er campingplassar, understrekar vegvesenet. Det vert fort litt kaos på smale vegar når mange skal på ferie samstundes. Og når mange skal feriera i bubil, campervan eller campingvogn. Då kan det fort verta litt utrygt og lite framkomeleg for reisande i personbilar, på MC-er og på syklar.
Les meir.
Fjerning av grensemerke
Før du fjernar eit grensemerke må klarere med nabo og kommunen. Dette gjeld ved både midlertidig og permanent fjerning. Har du behov for fjerning av eit eksisterande grensemerke må det vera samtykke frå alle eigarar som deler dette grensemerket. Det må også avtalast med kommunen, jf matrikkellova § 42. Dette gjeld ved både permanent og midlertidig fjerning. Behov for permanent fjerning av grensemerke må grunngjevast.
Les meir.
Støyper brudekk ved Drotningsviktunnelen
Denne helga vert det omfattande arbeid for Sotrasambandet ved Drotningsviktunnelen. Frå laurdag 12. juni klokka 12.00 skal brudekket ved tunnelen støypast. Arbeidet vil ta mellom 30 og 36 timar avhengig av ulike forhold.
Les meir.
Vedtekne adressenamn
Plan- og miljøutvalet i Øygarden kommune vedtok 5. juni 2025 i sak 042/25for tre gågater i Straume sentrum.
Les meir.
Kven kan stemma ved stortingsvalet?
For å stemma ved stortingsvalet må du ha stemmerett og stå i manntalet i ein kommune. Oversikta over alle som har stemmerett i ein kommune kallast manntalet. Er du busett i Norge blir du automatisk ført inn i manntalet i kommunen der du er folkeregistrert som busett 30. juni 2025. Manntalslistene finn du frå 15. juli til 8. september på rådhuset, og innbyggatorga/biblioteka på Sartor Storsenter, Rong Senter og Sund Senter.
Les meir.
Endring av detaljreguleringsplan for ny fylkesveg 561 Kolltveit – Ågotnes
Øygarden kommune har med heimel i plan- og bygningslova § 12-14 andre ledd gjort delegert vedtak om endring etter forenkla prosess av detaljreguleringsplan for ny fylkesveg 561 Kolltveit – Ågotnes.
Les meir.