Vigleik Brekke
Har du behov for fjerning av eit eksisterande grensemerke, må det vera samtykke frå alle eigarar som deler dette grensemerket. Det må også avtalast med kommunen, jf matrikkellova § 42. Dette gjeld ved både permanent og midlertidig fjerning. Behov for permanent fjerning av grensemerke må grunngjevast.
Kommunen må kontrollera om grensemerke er målt inn etter dagens krav før fjerning. Dersom det ikkje er det, må det målast opp ved ei oppmålingsforretning før merket kan fjernast.
Ved midlertidig fjerning bør de ha avtale om kven som skal rekvirera oppmålingsforretning og betala gebyr for å få grensepunktet merka på ny. Det er ikkje lov å midlertidig fjerna og deretter setta tilbake grensemerke utan avtale. Ein kan då ikkje vera sikker på at grensemerket er riktig plassert.
Eldre grensemerke som kors i fjell og grensestein kan ofte også vera av betydning for gamle rettar eller liknande. Ein bør unngå å fjerna slike merke. jf. matrikkellova §42.
Ulovleg fjerning
Om grensemerke vert fjerna utan avtale, vert det rekna som ulovleg fjerning. Ulovleg fjerning, flytting eller øydelegging av grensemerke kan straffeforfølgjast etter straffelova §364.
Kontakt firma eller person som har fjerna grensemerket, dei fleste ynskjer å rydda opp etter seg. Snakk med vedkommande, og forsøk å koma fram til ein avtale. Dersom nokon har fjerna eit grensemerke ulovleg og ein ikkje kjem fram til noko avtale, kan ikkje kommunen krevja det sett opp igjen då dette ikkje er under kommunen si mynde etter matrikkellova.
Ulovleg fjerning av grensemerke går under straffelova. Der er politiet som kan kontaktast og rettleia dykk vidare i slike saker.
Ta kontakt med oppmålingsavdelinga for avklaring kring fjerning av grensemerke.
Kontakt oss - Øygarden kommune
Lovar og reglar
• Lov om eigedomsregistrering (matrikkellova) - Lovdata
• Lov om straff (straffeloven) - Lovdata