Gode råd til dei vegfarande
Statens vegvesen har gode råd til deg som vegfarande turist i heimlandet.
- Det viktigaste er å køyra trygt og visa omsyn. Og hugs at rasteplassar ikkje er campingplassar, understrekar vegvesenet.
Trine Kanter Zerwekh, Statens vegvesen
Det vert fort litt kaos på smale vegar når mange skal på ferie samstundes og når mange skal feriera i bubil, campervan eller campingvogn. Då kan det fort verta utrygt og lite framkomeleg for reisande i personbilar, på MC-er og på syklar.
- Nettsida vegvesen.no/turist er på norsk og engelsk, og gjev informasjon som både skal ivareta trafikktryggleiken og bidra til betre framkomst. Den sida har også mykje informasjon som kan hjelpa særleg bubil- og campingturistane til å ta litt meir omsyn, både til medtrafikantar og til lokalbefolkninga, seier Trine Kanter Zerwekh i Nasjonale turistvegar i Statens vegvesen.
Rasteplassene er ikke campingplassar
Ei stor utfordring med bubilturistane, er at mange slår seg til over natta og kanskje fleire dagar på stader som ikkje er berekna til camping. Dermed tar dei opp plassen for turistar som ønskjer å ta eit kort stopp for å rasta eller sjå på utsikta. Det kan skapa store problem for framkomsten og farlege trafikksituasjonar.
Les meir på nettsida til Statens vegvesen.
Publisert 09.07.2025 09.54