Plan- og miljøutvalet i Øygarden kommune vedtok 5. juni 2025 i sak 042/25 adressenamn for tre gågater i Straume sentrum.
Kart over delar av Straume sentrum
Norkart AS
Desse adressenamna er:
- 4061 - Sigrid Utkilens gate
- 4062 - Alexander Dale Oens gate
- 4063 - Johannes Kleppeviks gate
Vedtak kan påklagast av dei som etter stadnamnlova § 6 (bokstav a-c), har rett til å ta opp saker om skrivemåten av stadnamn Jf. stadnamnlova § 12 – Klage:
- a. eit offentleg organ og andre som er nemnde i § 1tredje ledd
- b. eigaren eller festaren i saker som gjeld namn på eige gardsbruk eller eigedom
- c. ein lokal organisasjon med særleg tilknyting til eit stadnamn
Eventuell klage kan sendast til: postmottak@oygarden.kommune.no
Brev kan sendast til: Øygarden kommune, Ternholmvegen 2, 5337 Rong
Vis til saksnummer 25/4027
Klagefrist er tre veker frå kunngjering. Det er tilstrekkeleg at klagen er postlagt innan fristen, jf. forvaltningslova §§ 29 og 30. Klagen skal grunngivast og sendast skriftleg til kommunen, jf. forvaltningslova §32. Frist for merknad er 4. august 2025.
Klageretten avgrensar seg til skrivemåte av namnet, ikkje vegparsellinndeling eller val av namn.
Kommunen handsamar klagen i tråd med gjeldande lovverk. Dersom klagen ikkje vert teken til følgje, vert saka sendt til Klagenemnda for stadnamnsaker. Klagenemnda sitt vedtak er endeleg.
Publisert 11.07.2025 11.23