Det er plassert vasstank ved Tednebakkane omsorgssenterØyVAR meldte til vassabonnentane frå Dammane på Blomvåg til Dalekletten på Toftøyna at dei innleverte vassprøvane er fine og at vatnet kan nyttast som normalt (oppdatert informasjon torsdag 10. juni kl. 12.15).
Det vart også plassert ut naudvasstank som sikrar drikkevatn til Tednebakkane omsorgssenter.
ØyVAR opplyser at vasstrykket er stabilisert, men dei bustadene som ligg høgast, vil ha dårleg trykk. Selskapet er i gang med å etablera leidningar forbi vassleidningsbrotet ved Dale bru. Dette er truleg på plass i løpet av kvelden.
Vassbrotet er lokalisert. På grunn av straumleidningar i nærleiken av vassleidninga kan ikkje ØyVAR starta opp med graving før desse er nøyaktig lokalisert.
Direktør i ØyVAR, Bjarne Ulvestad, sa på tysdag at selskapet hadde kontroll på situasjonen.
- Men som følgje av at det kan ha vore trykklaust vassleidningsnett tilrår vi å koka vatnet til godkjente vassprøvar ligg føre, normalt innan komande fredag. Det kan også førekoma misfarging av vatnet, og vi tilrår å spyla ut på næraste tappepunkt frå inntaket og eventuelt reingjera silar, opplyste Ulvestad.
No er det klart at prøvane er fine og at vatnet kan nyttast som normalt.
Tekst: Vigleik Brekke
Foto: ØyVAR