Send inn planforslag eller planendring

Målgruppe

Private, tiltakshavarar, organisasjonar og andre myndigheiter har rett til å fremja forslag til detaljregulering eller søkje om endring av gjeldande plan. Reguleringsplan skal utarbeidast av fagkyndige, jf. Plan- og bygningsloven § 12-3.

Ønskjer du å utvikla eit område eller ein eigedom som ikkje allereie er regulert, kan du fremja eit privat forslag til detaljregulering. Dersom du ønskjer å endre ei eksisterande reguleringsplan kan du søkja om endring av plan. 

Større byggjetiltak kan i hovudsak ikkje gjennomførast utan reguleringsplan. Skal du byggja færre enn 3 bustadar, eller utbygginga gjeld mindre tiltak, kan du bestille førehandskonferanse hos byggesak her.

Du kan finna ut om eigedomen er regulert eller ikkje ved å bruka kartløysinga til kommunen. Søk på gards- og bruksnummer eller adresse, og vel frå «Kartlag» i menyen til høgre. 

Planlegging.no er ei informasjonsteneste for plansaksbehandlar og politikarar på kommunalt og regionalt nivå. Nettstaden kan også vera til stor nytte for konsulentar, næringsliv, interessegrupper og enkeltpersonar. Her finn du mellom anna lover, forskrifter, rettleiarar og andre relevante publikasjonar.

Planpakke

Reguleringsplan

Ein reguleringsplan består av plankart med tilhøyrande føresegn og planskildring. Planen angir bruk, vern og utforming av areal og fysiske omgjevnader, jf. plan- og bygningsloven § 12-1. Sjå kommunal- og distriktsdepartementet sin rettleiar Reguleringsplan.  

Privatpersonar som ønskjer å fremja eit planforslag, kan saman med sin fagkyndige konsulent kontakta planavdelinga hos kommunen: planpost@oygarden.kommune.no.  

Planprosess for privat planforslag

  1. Rettleiingsmøte (ved behov)
  2. Oppstartsmøte
  3. Kunngjering og varsel om oppstart av planarbeid, 3 veker
  4. Undervegsmøte (ved behov) 
  5. Utarbeiding av planforslag
  6. Innleveringsmøte (ved avtale)
  7. 1. gangsbehandling
  8. Offentleg ettersyn/høyring, minst 6 veker
  9. Sluttbehandling/endeleg vedtak
  10. Kunngjering av planvedtak med 3 veker klagefrist

Endeleg utarbeida planframlegg skal sendast til postmottak@oygarden.kommune.no

Endring av reguleringsplan etter forenkla prosess

Det er høve til å søkja om endring av ein reguleringsplan etter forenkla prosess. Dette gjeld når endringane i liten grad vil påverke gjennomføringa av reguleringsplanen, ikkje går utover hovudrammene i planen, og ikkje råkar omsynet til viktige natur- og friluftsområde, jf. plan og bygningslova § 12-14.

Planprosess for endring etter forenkla prosess

  1. Rettleiingsmøte (ved behov)
  2. Innsending av søknad
  3. Varsel/høyring av søknad om endring (ved behov)
  4. Administrativt vedtak/politisk vedtak
  5. Kunngjering av vedtak med 3 veker klagefrist​

Endeleg utarbeida planframlegg skal sendast til postmottak@oygarden.kommune.no

Rettleiingsmøte vert halde i planprosess for detaljregulering dersom tiltakshavar ber om det, eller administrasjonen meiner det er naudsynt med avklaringar før eit eventuelt oppstartsmøte.

Ved endring av plan vert rettleiingsmøte nytta i staden for oppstartsmøte før innsending av søknad. Det vil i dei fleste tilfelle vera naudsynt med rettleiing om kva som er mogleg å ta som endring etter forenkla prosess og kva problemstillingar som er gjeldande. Det er ein fordel at konsulent er til stade i rettleiingsmøte. I nokre tilfelle kan ein avtale at berre tiltakshavar stiller.

Rettleiingsmøte kan også nyttast for grunneigarar som ønskjer å utvikle eit område eller ein eigedom, og er usikker på om kva som er handlingsrommet innanfor overordna planar.

Bestill rettleiingsmøte ved å nytta skjema som ligg under planpakken og send det til planpost@oygarden.kommune.no.

Behandlingstid

Saksbehandlingstid for detaljregulering og endring av reguleringsplan etter forenkla prosess er 12 veker, jf. plan- og bygningsloven §12-11. 

Avhengig av tida forslagsstillar brukar på å utarbeida planen, grad av konfliktar og krav til utgreiingar vil behandlingstida normalt variera frå 1 – 3 år.

Prisar og betaling

Her finn du oversikt over gebyr og brukarbetalingar.