Her er ny vekerapport

I vekerapporten kan du lesa om litt av det som har skjedd i veke 45.

Rørt ordførar vart Årets fyrtårn

Ordførar Tom Georg Indrevik sleit med å finna ord då han vart ropt opp på scena under årsfesten til Vest Næringsråd fredag kveld for å få overrekt prisen Årets fyrtårn.
- Han set Øygarden og næringslivet vårt på kartet, heiter det frå juryen. Det vart også delt ut Årets bedrift og heiderspris.
Les meir.

Alle må ha dette med seg

- Det er stas med fullt hus, god stemning og mykje bra på scena. Det seier dagleg leiar i Vest Næringsråd, Kari-Anne Landro etter at rekordmange deltok på  Øygardskonferansen 2026. 
Les meir.

Budsjettet: - Vi må prioritera tydeleg

- Med strammare økonomiske rammer, fleire eldre og færre i yrkesaktiv alder, må vi prioritera tydeleg og arbeida på nye måtar, sa kommunedirektør Johnny Breivik då han på torsdag presenterte budsjett for 2027 og økonomiplan for 2027-2030. Driftsbudsjettet har ei ramme på om lag fire milliardar kroner og eit positivt netto driftsresultat på 50,2 millionar kroner. Dette utgjer 1,2 prosent av driftsinntektene.
Les meir. 

Aukar ramma for ny skule og hall på vestsida til 330 millionar

Med 28 røyster vedtok kommunestyret å auka den samla investeringsramma for ny skule på Skålvika, inkludert fleirbrukshall, frå 200 til 330 millionar kroner inklusive meirverdiavgift (2027-kroner). Kommunestyret vil sjå innsparingstiltak i samanheng med behandling av årsbudsjetta. Kommunestyret var samla til møte torsdag denne veka. På møtet presenterte også kommunedirektøren framlegg til budsjett for 2027 og økonomiplan for 2027-2030. Les meir her.

Podkastepisode 28: Vi tar pulsen på Øygardskonferansen 2026

Ingen kan spå framtida. Vi kan likevel førebu oss. Det var overskrifta for Øygardskonferansen på Hotell Panorama Hotell & Resort fredag 6. november. I podkasten Rådhuset tek kommunedirektør i Øygarden Johny Breivik pulsen på konferansen.
Les meir. 

Varaordførar Anita Garlid Johannessen denne veka (45

  • 02.11.:  Interne møte
                 Møte i styringsgruppa for Miljøløftet
  • 03.11.:  Møte i styringsgruppa for Øygarden reiseliv
  • 04.11.:  Konsekvensutgreiing kjernekraft, status
  • 05.11.:  Kommunestyret
  • 06.11.:  Øygardskonferansen