Orføraren var tydeleg rørt over å få prisen.Årets bedrift vart Vitus Reiser. Dette året vart det også gjeve heiderspris. Den prisen gjekk til Kenneth Bruvik.
Tom Georg Indrevik var uvanleg stille då han stod på scena denne fredagskvelden.
- Utan familien og alle rundt meg kunne eg ikkje stått på slik, sa han etter å ha fått summa seg.
Prisen «Årets fyrtårn» vart delt ut første gong i 2018. Prisen går til ein person som har hatt ein spesiell positiv betydning for næringslivet eller lokalsamfunnet i regionen – gjennom sitt engasjement, arbeid eller leiarskap.
Frå venstre; Andes Ekanger (kommunikasjonsansvarleg Vest Næringsråd), Tom Georg Indrevik, Øystein Bredholt (Sparebank 1 Sør-Norge), Stig Olsen (Sparebank 1 Sør-Norge), styreleiar i Vest Næringsråd Hanne Misje Lokøy og Kari-Anne Landro (dagleg leiar Vest Næringsråd).Juryen viser til at ordet fyrtårn vert ofte brukt i overført betydning. Når det gjeld leiarskap vert det gjerne brukt som ein metafor for å vise til ein leiar som viser retning og som står støtt i krevjande tider. Årets fyrtårn er ein synleg leiar. I krevjande tider med endringar, omstilling og uføresette situasjonar har vinnaren vore tydeleg og trygg.
- Med stort engasjement og imponerande energi er vinnaren til stades, frå det heilt nære til dei store hendingar. Vinnaren er ein ivrig talsmann for at eit stort og variert næringsliv er ein grunnstein i eit levande lokalsamfunn. Han set Øygarden og næringslivet vårt på kartet. Han er sjølv flittig brukar av ordet fyrtårn, gjennom slagordet: Øygarden – eit fyrtårn i vest, heiter det frå juryen.
Sparebank 1 Sør-Norge er samarbeidspartnar og sponsor for tildeling av prisen.
Årets bedrift: Vitus Reiser
Vitus Reiser kan i 2026 kan straks feire 10-årsjubileum. Allereie etter eitt års drift hadde dei skapt ei levedyktig bedrift med fem tilsette.
Frå venstre; Anders Dyngen (Vital Reiser), Hanne Misje Lokøy og Tone Sundal (Nordea).Det vare marknadssjef Andreas Dyngen som tok imot prisen.
- Vi er 18 personar som står saman om å byggja selskapet. I fjor hadde vi ein omsetnad på 500 millionar kroner. Dette er berre starten, sa han.
Juryen peikar på at pandemien var ei tøff utfordring for bedrifta. Takka vera gode avtalar i den norske marknaden, kom dei likevel styrka ut av pandemien. Bedrifta satsa då på utvikling av eit eige bookingsystem, noko som er uvanleg i bransjen. Det viser eit selskap som vågar å satse og som legg grunnlag for ein skalerbar og effektiv forretningsmodell.
- Bedrifta har levert sterke økonomiske resultat dei siste åra. I 2025 passerte dei ein halv milliard i driftsinntekter og eit driftsresultat på nærare 25 MNOK. Resultatet av denne veksten var at dei vart kåra til Gaselle-bedrift i 2025. Selskapet utviklar reiser som spenner vidt geografisk sett, og som har fokus på det kulturelle, historiske, gastronomiske og sosiale innhaldet, heiter det frå juryen,.
Turoperatørselskapet med kontor på Straume har hatt ei imponerande utvikling og har i dag atten tilsette. Det er ekstra fint å vite at dei på eigarsida har med seg eit dansk fond, som har som formål å gje tilskot til spesielle reiser for menneske med fysisk og psykisk funksjonsnedsetting.
Nordea som samarbeidspartnar og sponsor for tildeling av denne prisen.
Heiderspris til Kenneth Bruvik
Denne prisen vart første gong delt ut i 2024.
Frå venstre; Anders Ekanger, Kari-Anne Landro, Hanne Misje Lokøy og Kenneth Bruvik.Den andre heidersprisen går altså til Kenneth Bruvik som har vist eit uvanleg stort engasjement for miljø og berekraftig utvikling og involvert ungdom i dette arbeidet på ein framifrå flott måte. I 2023 fekk han Kongens fortenstmedalje.
Kenneth BruvikKenneth Bruvik viste eit stor engasjement etter funnet av ein kval i 2017 fylt med plast.
Juryen seier at Bruvik har også eit stort engasjement for framtidas arbeidskraft. Han brenn for fleksible tilbod som hindrar ungdom i å felle utanfor utdanning og arbeidsliv. Han var ein slik gut sjølv, som ikkje klarte å sitta stille på stolen. No brukar han eigne erfaringar til å motivere skuleungdom til å fullføre 10. klasse.
- Han lever for saka med heile seg. Han snakkar på inn- og utpust, og har ei fantastisk evne til å få folk med på laget. Han gjer det for lokalmiljøet, storsamfunnet, planeten og han gjer det for barnebarna sine, seier juryen.
Tekst og foto: Vigleik Brekke