Kommunedirektør Johnny BreivikKommunedirektør Johnny Breivik og kommunalsjef for Finans og økonomi, Anne Erdal, presenterte framlegget til budsjett og økonomiplan på kommunestyret torsdag denne veka.
Driftsbudsjettet har ei ramme på om lag fire milliardar kroner og eit positivt netto driftsresultat på 50,2 millionar kroner. Dette utgjer 1,2 prosent av driftsinntektene.
Her kan du lesa framlegget til budsjett 2027 og økonomiplan 2027-2030 frå kommunedirektøren.
Det er føreslått å investera for 564 millionar kroner i 2027 og 2,8 milliardar kroner i fireårsperioden. Dei største investeringane i økonomiplanperioden er ny ungdomsskule på Bildøyna, omsorgsbustader for unge vaksne (ombygging av Terna barnehage), ny sjukeheim på Straume og ny skule på vestsida av Sotra.
- Dei vala vi gjer no, vil få verknader langt utover den komande budsjettperioden. Difor må vi forvalta ressursane våre med klokskap, omtanke og langsiktig perspektiv. Vi må finna ein berekraftig balanse mellom behova vi må møta i dag og løysingane vi må byggja for morgondagen, seier kommunedirektør Johnny Breivik.
Øygarden kommune har vedteke å styrkja disposisjonsfondet til om lag 200 millionar kroner (fem prosent av bruttoinntektene). Det er budsjettert med eit netto driftsresultat på mellom 50 og 55 millionar kroner kvart år i økonomiplanperioden. Statsforvaltaren i Vestland har uttalt at fondet bør aukast til omlag 300 millionar kroner, noko framlegget til økonomiplan 2027-2030 legg opp til. Avsetjing til disposisjonsfond i 2027 er 52 millionar kroner.
Nøkkeltal i driftsbudsjettet (2027):
- totale driftsutgifter: 4 032 millionar kroner
- totale inntekter: 4 086 millionar kroner
- netto driftsresultat: 50,2 millionar kroner (1,2 prosent av driftsinntektene)
- investeringar: 564 millionar kroner
- bruk av lån: 388 millionar kroner
- renteutgifter: 212 millionar kroner
- eigedomsskatteinntekter: 184 millionar kroner
- utbyte Havbruksfondet: 17,4 millionar kroner
- utbyte frå Eviny: 69 millionar kroner
Gebyr/eigenbetaling
Som hovudregel vert gebyra auka med fire prosent frå 2026 til 2027. Prisen for barnehage følgjer prinsippet om maksimalpris (1 200 for heiltidsbarnehageplass).
Andre gebyr:
- byggjesak 0 prosent
- feiing 10 prosent
- vatn 6,2 prosent
- avlaup 3,7 prosent
- hushaldningsrenovasjon 2,4 prosent
- tømming av private tankar/slamavskiljar 5,0 prosent
Investeringar
Framlegg til investeringsprogram inneber ein investeringskostnad på 2,8 milliardar kroner i økonomiplanperioden og 3,8 milliardar kroner i 10-årsperioden 2027-2036. I budsjettdokumentet skriv kommunedirektøren at dette er i overkant ambisiøst slik den økonomiske løfteevna er i dag, og har store driftskonsekvensar i åra framover.
Dei største investeringane i økonomiplanperioden er:
- nye Fjell ungdomsskule (Bildøy ungdomsskule)
- omsorgsbustader for unge vaksne (ombygging av Terna barnehage)
- ny sjukeheim Straume
- ny skule på Vestsida
Prioriteringar
Dei viktigaste prioriteringane i økonomiplanen er retta mot fem område:
- Framtidig omsorgskapasitet: 40 nye omsorgsbustader, ny sjukeheim på Straume med 80 plassar og styrkte heimetenester gjennom innsatsteam og velferdsteknologi.
- Omstilling, digitalisering og økonomisk berekraft: Effektivisering, heilskapleg verksemdsstyring, satsing på digitalisering og kunstig intelligens og ei årleg avsetning på om lag 50 millionar kroner til disposisjonsfondet.
- Tidleg innsats og inkludering: Samordna hjelp til barn, unge og familiar, spesialpedagogikk, psykisk helse, skulefråvær og bustadsosialt arbeid.
- Arbeidskraft og kompetanse: Rekruttering, betre bruk av personellressursane og lågare sjukefråvær.
- Langsiktig samfunnsutvikling: Arealdel, klimaomstilling, eigedomsforvaltning, næringsutvikling, regionsenter og investeringar i viktig infrastruktur.
Satsingar (utdrag)
Det er sett av 5,3 millionar kroner i økonomiplanperioden til lesesatsing i skulen. I Oppvekst skal ein også førebyggja omsorgssvikt og utvikling av åtferdsvanskar og styrkja inkludering, deltaking og fellesskap for barn, unge og familiane deira.
I Helse og velferd er det mellom anna lagt inn lønsmidlar til 12 nye servicemedarbeidarstillingar, styrkt heimeteneste, opptrapping heildøgns omsorgsplassar (Hidlamyra) og tryggleiksalarmar (ingen brukarbetaling). Der er det også prioritert velferdsteknologi og digitalisering. Det ligg inne kjøp av to brukte minibussar for utprøving av ein modell som skal mogleggjera ei god og effektiv transportteneste for seniorar i regi av Framtidssamfunnet.
Det er lagt inn styrking av avlastning og butilbod for menneske med nedsett funksjonsevne (Straumehagen, Straumsfjellet avlastning og Grønbakkane).
I økonomiplanperioden er det sett av 4.65 millionar kroner til beredskapslager.
Flytting frå rådhuset til Solsio vil gje ei vesentleg arealeffektivisering. Det er lagt inn ei innsparing på 23,4 millionar kroner i økonomiplanperioden.
Innsparingar (utdrag)
Når det gjeld tilskot til det frivillige, er det ikkje lagt inn indeksregulering (auke).
Opningstida i dei kommunale barnehagane vert redusert med 60 minutt per dag frå 15. august 2027. Dei ytre rammene for opningstid vert redusert frå ti timar til ni timar per dag. Det er lagt inn auke i foreldrebetalinga for SFO på 14 prosent frå 2027. Løyvinga til transport knytt til ikkje-lovpålagde tenester i barnehage og skule vert redusert med eín million kroner årleg.
Museum bør etablera veneforeiningar. Det er ikkje lagt inn støtte til nye tiltak for barn og unge og nærmiljø.
Administrative funksjonar på innbyggartorga og biblioteka på Rong og i Skogsskiftet vert flytta til kommunedelsenteret. Innbyggjardialogen vert styrkt med dette grepet.
Målsetjinga om nye lærlingar er redusert frå 40 til 25 nye lærlingar årleg. Dette vert rekna som meir realistisk ut frå tilgangen på kvalifiserte, motiverte kandidatar som kan gjennomføra heile lærlingløpet.
Her kan du lesa om sakene som vart behandla på kommunestyremøtet 5. november.
Tekst og foto: Vigleik Brekke