Aukar ramma for ny skule og hall på vestsida til 330 millionar

Med 28 røyster vedtok kommunestyret å auka den samla investeringsramma for ny skule på Skålvika, inkludert fleirbrukshall, frå 200 til 330 millionar kroner inklusive meirverdiavgift (2027-kroner). Kommunestyret vil sjå innsparingstiltak i samanheng med behandling av årsbudsjetta.

I løpet av møtet var det fleire pausar med drøftingar. - Klikk for stort bileteI løpet av møtet var det fleire pausar med drøftingar.

Kommunestyret var samla til møte torsdag denne veka. 

På møtet presenterte også kommunedirektøren framlegg til budsjett for 2027 og økonomiplan for 2027-2030. Les meir her.

Fleirtalet i skulesaka var samansett av Høgre, Frp, Sotralista-TVØ (2), KrF, Venstre, Pensjonistpartiet og eín uavhengig representant.

I skulesaka hadde kommunedirektøren konkretisert kva konsekvensar investeringa vil få for kommunalsjefområdet Oppvekst. 

Arbeidarpartiet fekk 12 røyster (Ap., SV, Sp., MDG og Raudt) på eit forslag om å utsetja bygginga av ny skule på Skålvika til den økonomiske situasjonen tillét det og er i samsvar med den faglege vurderinga til kommunedirektøren. Her kan du lesa heile framlegget. (PDF, 48 kB)

INP føreslo å auka den samla investeringsramma med volleyball/gymnastikksal og ikkje fleirbrukshall slik kommunedirektøren har føreslått. Dette forslaget fekk 17 røyster (ikkje fleirtal).

Formannskapet skal arbeida vidare med arealplanen

Kommunestyret vedtok at det vidare politiske arbeidet med arealdelen til kommuneplanen 2027–2039 vert lagt til formannskapet frå 5. november. 

For å sikra kontinuitet og god kunnskapsoverføring i det vidare arbeidet med kommuneplanen sin arealdel kan medlemene i kommuneplanutvalet inviterast til formannskapet si behandling av saker som gjeld kommuneplanen sin arealdel. Dei kan gje orienteringar og svara på spørsmål frå formannskapet når formannskapet eller møteleiar finn dette føremålstenleg. Deltaking etter denne føresegna gir ikkje møte-, tale- eller forslagsrett utover det som følgjer av lov.

Kommuneplanutvalet vert avvikla med verknad frå 5. november. Som følgje av dette fell alle verv i utvalet bort frå same dato.

Arbeidet til formannskapet med arealdelen til kommuneplanen skal som hovudregel gjennomførast i eigne møte fram til kommunestyret har fatta endeleg vedtak i plansaka.

Møte i formannskapet som vert gjennomførte særskilt for behandling av arealdelen til kommuneplanen, vert godtgjorde etter satsane i gruppe A i «Forskrift om folkevalde sin rett til godtgjersle og velferdsgode».Møtegodtgjersla kjem i tillegg til den faste godtgjersla for medlemene i formannskapet.

Medlemer av kommuneplanutvalet som deltek i slike møte etter invitasjon frå formannskapet, får møtegodtgjersle etter satsane i gruppe A i forskrifta.

MDG fekk ikkje fleirtal for eit forslag der det mellom anna heitte at kommuneplannemnda held fram arbeidet med ny arealplan når planen vert lagt på høyring.

Gruppemøte - Klikk for stort bileteGruppemøte

Vedtok prosess for arbeidet med arealdelen til kommuneplanen

Det vart vedteke at formannskapet får fullmakt til å arbeida vidare med forslag til ny arealdel 2027-2039 og gjera dei endringane som er nødvendige. Prosessen tar utgangspunkt i alternativ 1 når det gjeld framdrift.

Til neste møte i formannskapet skal kommunedirektøren leggja fram ein framdriftsplan for den vidare politiske behandlinga fram mot høyring.

I saka går det fram at med alternativ 1 vert forslag til ny are

ldel for kommuneplanen lagt ut på høyring i februar 2027 med mogleg sluttvedtak innan utgangen av 2027.

Revisjon av eigarskapsmelding

Kommunestyret vedtok revidert eigarskapsmelding slik han ligg føre. Kommunedirektøren får fullmakt til å oppdatera eigarskapsmeldinga kontinuerleg ved eventuelle endringar i eigarporteføljen eller styrerepresentasjon.

Eigarskapsmeldinga er det overordna politiske styringsdokument for eigarskap til kommunen, og skal gje oversikt over kommunen sine eigarinteresser, tydeleggjera prinsipp og rammer for eigarstyringa og gi styringssignal til selskapa og føretaka kommunen har eigarinteresser i.

I den reviderte eigarskapsmeldinga er det føreslått nokre presiseringar og vidareutvikling av forventningar kommunen har. Dette gjeld styresamansetjing og kompetanse, berekraft og samfunnsansvar, kompetanseutvikling og rekruttering og korleis kommunalt eigde selskap gjennom eiga verksemd og innkjøpsaktivitet kan bidra til kompetansebygging og fagopplæring innanfor gjeldande regelverk.

Vedtok områderegulering for Energiparken

Kommunestyret vedtok samrøystes på torsdag å godkjenna områderegulering for Energiparken, Blom. Området ligg nær Kollsnes prosessanlegg og Northern Lights og har tilgang til etablert infrastruktur.

Fem reguleringsplanar vert erstatta og oppheva. Områdereguleringa for Energiparken skal gjelda framfor fem reguleringsplanar der planane overlappar.

Energiparken er eit industriområde som rettar seg mot nye næringar i den grøne omstillinga. Lokalisert nordaust på Blomøyna, tett på Kollsnes prosessanlegg om lag fem minutt med bil frå Rong. Næringsparken var tidlegare kalla Naturgassparken og før dette Kollsnes næringspark. I dag er det etablert fleire verksemder i området, mellom anna Mowi, Gasnor, BKK, CCB Energy og Northern Lights. Formålet med områdeplanen er å leggja til rette for grøn næring innan petrokjemisk industri med karbonfangst, CO2 fangst og anna verksemd som støttar grøn omstilling.

Vil ikkje ha mellombels forbod mot tiltak på Spilde

Med 31 mot 12 røyster vedtok kommunestyret at Øygarden kommune ikkje innfører mellombels forbod mot tiltak innanfor delar av reguleringsplan på Spilde. Tiltaket gjeld etablering av veg, VA-anlegg samt planering av alle eigedomar innanfor ein del av reguleringsplanen.

Mindretalet (Ap, SV, Sp, MDG og Raudt) røysta for innstillinga frå kommunedirektøren om å vedta mellombels forbod mot tiltak innanfor delar av reguleringsplanen.

Vedtaket vert grunngjeve med at det ikkje er tilstrekkeleg dokumentert at eit så omfattande mellombels forbod mot tiltak er nødvendig for å sikra det vidare planarbeidet. Eit mellombels forbod etter plan- og bygningslova § 13-1 er eit inngripande tiltak som avgrensar grunneigarane sin råderett over eigedomane sine. Eit slikt inngrep bør ikkje vedtakast utan ei konkret vurdering av behovet, konsekvensane og om mindre inngripande verkemiddel kan vera tilstrekkelege.

Den vidare planlegginga må skje på ein måte som sikrar føreseielege rammevilkår og tek omsyn til grunneigarane sine interesser. 

På dette grunnlaget finn kommunestyret ikkje grunnlag for å vedta det føreslåtte mellombelse forbodet slik saka ligg føre.

Sel eigedom på Ågotnes

Det vart vedteke at Øygarden kommune sel Øvre Elvebakken 50 for 400 tusen kroner. Eigedomen er eit restareal på om lag 800 kvadratmeter som ikkje lenger har nokon kommunal funksjon. 

Solsvik Næringspark AS eig den tilgrensande eigedomen og har meldt interesse for å kjøpa arealet som tilleggsareal til eksisterande næringsverksemd. Eigedomen vert seld til taksert marknadsverdi.    

Kvalitetsmelding for grunnskulen

Kommunestyret tok kvalitetsmelding for grunnskulen i Øygarden kommune for 2025- 2026 til orientering.
Kommunestyret ber kommunedirektøren om å prioritera fleire innsatsområde i skuleåret 2026- 2027. Dette er fagleg utvikling, undervisningspraksis, læringsmiljø og tidleg innsats og tverrfagleg samhandling.

Kvalitetsmeldinga for grunnskulen er den årlege rapporteringa frå administrativ skuleeigar til politisk skuleeigar. Kommunedirektøren skriv i saka at meldinga viser at skulane oppnår gode resultat innan fleire område, samstundes som det er behov for kontinuerleg utviklingsarbeid. Skal elevane få eit best mogleg læringsutbytte, må skulane vidareutvikla undervisningspraksis, styrkja det profesjonsfaglege samarbeidet og sikre tidleg og koordinert innsats rundt elevar som treng støtte.

Ordførar Tom Georg Indrevik på talarstolen - Klikk for stort bileteOrdførar Tom Georg Indrevik

Skal ha plan for heile oppvekstfeltet

Det vart vedteke å ta evalueringa av «Plan for framtidas skule – sjå meg» til orientering. Kommunestyret slutta seg til tilrådinga frå levekårsutvalet.

Planen skal rullerast og utvidast til å omfatte heile oppvekstområdet i Øygarden kommune. Planen skal ha ein felles overordna del for heile oppvekstområdet, samt eigne delplanar for barnehage, skule og barne- og familietenester. Arbeidet skal byggja på forsking og eit kunnskapsgrunnlag, slik som den noverande planen.

Kommunestyret legg til grunn at planarbeidet skal ferdigstillast i løpet av 2027 og leggjast fram for politisk behandling og endeleg vedtak i første halvår 2028.

Kommunestyret vedtek at det skal utarbeidast ein prosessplan som synleggjer politisk og administrativ medverknad. Planen skal òg visa korleis levekårsutvalet og ungdomsrådet skal delta i arbeidsmøte der ulike tema blir drøfta med utgangspunkt i innspel frå forskarar. Prosessplanen skal leggjast fram for levekårsutvalet til behandling før sjølve planarbeidet startar.

I saka skriv kommunedirektøren at  planen legg til grunn at skulane skal ivareta både utdanningsoppdraget og danningsoppdraget. Planen har hatt som mål å styrkja kvaliteten i opplæringa gjennom elevaktive læringsformer, tidleg innsats, inkluderande fellesskap og systematisk kvalitetsutvikling.

Vedtok lokal forskrift om tilskot til private barnehagar

Kommunestyret vedtok forskrift om finansiering av private barnehagar i Øygarden kommune, slik ho går fram av vedlegg 1, med verknad frå 1. januar 2027.

Gjeldande lokale retningslinjer for tilskot til private barnehagar i Øygarden kommune vert oppheva frå same tidspunkt som den nye forskrifta trer i kraft.

Det vert vedteke eit tilleggspunkt om at det skal innførast eit tredje teljetidspunkt 20. april i tilskotsåret. Forskrifta vert justert i samsvar med dette, med nødvendige endringar i føresegnene om rapportering, tilskotsperiodar, vedtak og utbetaling. 

Andre saker

  • Høyringsuttale frå Øygarden kommune - Regional plan for areal og mobilitet 
  • Høyringsuttale frå Øygarden kommune – Regional plan for verdiskaping og kompetanse
  • Det vart gjeve fritak for politiske verv og verv som meddomar. I samband med ei av sakene vart det vedteke å følgja opp med å utarbeida rutinar og tiltak som kan styrkja tryggleiken og arbeidsmiljøet for folkevalde.
Før behandling av sakene gav administrerande direktør i Sotra Link, Christopher Meidell Bjerke og prosjektleiar i Statens vegvesen, Lene Sælen Rivenes, orientering om status for Sotrasambandet. - Klikk for stort bileteFør behandling av sakene gav administrerande direktør i Sotra Link, Christopher Meidell Bjerke og prosjektleiar i Statens vegvesen, Lene Sælen Rivenes, orientering om status for Sotrasambandet.

Her kan du lesa innkalling med saksdokument.

Her er opptak frå møtet på kommune--TV.

 

Tekst og foto: Vigleik Brekke