Ordførar Tom Georg Indrevik og dagleg leiar i Vest Næringsråd, Kari-Anne Landro gler seg over stort oppmøte på konferansenInklusive vidaregåande skuleelevar var 380 personar på plass på Panorama Hotel & Resort på fredag.
- Det er bygd opp eit omdøme omkring konferansen, og mange kjenner på at dei går glipp av noko om dei ikkje deltek, sa den daglege leiaren då ho fredag ettermiddag tek ei førebels oppsummering av ein innhaldsrik konferansedag.
Tema for konferansen var Ingen kan spå framtida. Vi kan likevel førebu oss.
Tillit og demokrati heng saman
Forfattar, redaktør og kommentator Harald Stanghelle stilte spørsmålet om demokratiet er trua.
- Tillit er avgjerande for demokratiet. Tillit betyr eigentleg det som held. For oss handlar det om tillit til samfunnet. Det må vera ein grunnleggjande tillit i botnen i det offentlege ordskiftet. Dersom vi mistar tilliten, er demokratiet i fare, sa Harald Stanghelle.
Harald StanghelleHan viste til at i 2019, før pandemien, hadde 72 prosent av befolkninga ganske stor eller stor tillit til Stortinget som institusjon og 50 prosent hadde ganske stor eller stor tillit til regjeringa.
- Like etter pandemiutbrotet i 2020 steig tilliten til regjeringa til 69 prosent og var på same nivå i 2021. Året etter fall tilliten. Dette viser at tilliten auka ved krise. Når tilliten er i fare, er demokratiet det også, sa Stanghelle.
Han viste til ei undersøking i regi av KS (fellesorganisasjon for kommunane) der fire av 10 politikarar har opplevd hets, hat eller truslar.
Hets er ein trussel mot lokaldemokratiet.
- Ein tredel svarte at dei kjenner på dårlegare sjølvtillit og knapt ein firedel svarte at dei var urolege for familien på grunn av hets og truslar.
Det var knytt stor interesse til innlegget frå den første astronauten i Noreg, Jannicke Mikkelsen.Sosiale medium som einaste nyeitskjelde
I innlegget snakka han om utfordringane med sosiale medium og den kraftige auken av ikkje redaktørstyrte plattformer.
- Dei redaktørstyrte media taper terreng. Undersøkingar viser at 82 prosent av unge i alderen 16 til 24 år brukar sosiale medium som einaste nyheitskjelde. Dagsrevyen er for dei over 60 år, sa han.
Nyheitssjef Synnøve Nyheim i Vestnytt (til venstre) og ansvarleg redaktør i Vestnytt, Guro VallandI ein plenumssamtale stadfesta både ansvarleg redaktør i Bergensavisen Guro Valland og nyheitsleiar i Vestnytt, Synnøve Nyheim, at det er ei utfordring å få ungdom til å bruka redaktørstyrte medium. Både BA og BT tilbyr no gratis abonnement for ungdom. Redaktørane såg også utfordringane med kommentarfelt, men begge redaktørane ønskjer å halda fram med å ha kommentarfelta opne.
Amund Trellevik er frilansjournalist i Finnmark og skildra korleis det er å vera nær nabo med Russland i Kirkenes.
-Kvardagen i Kirkenes er prega av det russiske. Det får store ringverknader har ha eit tett forhold til Russland, sa han.
Amund TrellevikHan har hatt tett kontakt med medium i Russland, og ei avis han kjenner til, er tvinga til å leggja ned drifta.
- Avisa gjev ut den siste utgåva komande måndag. Dersom du ytrar deg mot regimet i Russland, kan du risikera lange fengselsstraffer, sa han.
Vener i Europa
Ordførar Tom Georg Indrevik er leiar for den norske delegasjonen i det uformelle EØS EFTA Forum for lokalt og regionalt folkevalde, som gjev innspel til EU-organer på vegner av lokale og regionale styresmakter i Noreg og på Island.
Ordførar Tom Georg IndrevikHans tema var vener og moglegheiter i Europa.
Han er oppteken av korleis vi kan utvikla samfunnet til å vera betre for dei som kjem etter oss.
- Eg må vedgå at eg har brukt mykje tid på samtalar som kanskje ikkje har vore så interessante. Men eg har fått brukt mykje tid på å forklara at CO2 kan lagrast trygt. Under store samlingar vert det også høve til møta folk i mindre grupper. Oppsummert vil eg seia at eg gjennom denne oppgåva får lytta, læra, informera og byggja nettverk, sa ordføraren.
Paradoks
Fredrik Fornes er marknadsfører, føredragshaldar, forfattar og ein av dei mest kjende arbeidslivs-influensarane i landet.
Fredrik FornesHan presenterte fleire paradoks i arbeidet med å rekruttera tilsette. Eit døme på dette er at du må ha erfaring,men ingen vil gje deg erfaring.
- Dette er særleg utfordrande for dei unge som skal inn på arbeidsmarkanden. Undersøkingar viser at 41 prosent av søkjarane slit med sjølvtillit når dei søkjer jobb, sa han.
Andre døme på paradoks er forventninga i samfunnet om at vi må få fleire barn, medan arbeidslivet ikkje vil at tilsette skal verta gravide. Eit anna døme er forventinga om at vi skal stå lengre i jobb, men mange opplever å verta utdatert når ein har passert 50 år.
Det vart delt ut Stormfondmidlar for 550 tusen kroner. Fondet er finansiert av Sparebanken Norge.
Her er fleire bilete: