Her er ny vekerapport

I vekerapporten kan du lesa litt om det som har skjedd i veke 41.

No er dei i gang

Fram til laurdag er det eit yrande liv i Sotra Arena. 243 badmintonspelarar frå 36 nasjonar deltek i U15 EM.
- Det handlar om mykje meir enn konkurranse, sa ordførar Tom Georg Indrevik då han ønskte deltakarane som skal spela nesten kampar desse fire dagane velkomen til Øygarden. Når semifinalane og finalane er gjennomførte på laurdag, er det spelt 287 kampar i Sotra Arena der 13-14-åringar viser fram topp internasjonal badminton.
Les meir.

Tek i bruk mellombels bussterminal

Den mellombelse bussterminalen ved Storavatnet vert teken i bruk tysdag 13. oktober klokka 05.30. Det opplyser Statens vegvesen. Terminalen ligg på motsett side av den nye innfartsparkeringa som opna i juli.
Les meir.

Styrkjer ikkje kommuneøkonomien

Regjeringa føreslår ein realvekst i dei frie inntektene til kommunesektoren  på 3,2 milliardar kroner neste år. Det er lagt til grunn (anslått) ein auke i dei frie inntektene (rammetilskot og skatt) på 141,5 millionar kroner (pluss 4,4 prosent) til Øygarden kommune neste år. 
- Statsbudsjettet medfører ingen styrking av kommuneøkonomien for Øygarden kommune, seier kommunedirektør Johnny Breivik.
Les meir.

Bli med og styrk totalberedskapen

Kor godt rusta er Øygarden om krisa kjem? No inviterer Øygarden kommune til to arbeidsverkstader om lokal totalberedskap. Målet er å samla ressursar, kompetanse og erfaring frå næringsliv, lag og organisasjonar for å byggja eit meir robust lokalsamfunn. Øygarden kommune inviterer til arbeidsverkstader der deltakarane saman skal utforska ulike tema.
Les meir.

Dei håpar at mange søkjer om støtte

Leiar i levekårsutvalet Ernst Einarsen og kultursjef Marian Guddal Hansen håpar på mange og gode søknader til ein ekstrapott på eín million kroner til frivillige lag og organisasjonar.
- Vi veit at det er eit stort behov for å finansiera nye og eksisterande tiltak, seier dei to. Merk at søknadsfristen er 15. oktober.Les meir. 

Ordførar Tom Georg Indrevik denne veka (41)

  • 05.10.:  Interne møte
                 Møte med Sotra arabiske forening 
  • 06.10.:  Interne møte
  • 07.10.:  Opning av EM i Sotra Arena
  • 09.10.:  Mottaking EM
  • 11.10.:  Brussel