Dei håpar at mange søkjer om støtte

Leiar i levekårsutvalet Ernst Einarsen og kultursjef Marian Guddal Hansen håpar på mange og gode søknader til ein ekstrapott på eín million kroner til frivillige lag og organisasjonar.
- Vi veit at det er eit stort behov for å finansiera nye og eksisterande tiltak, seier dei to.

Marian Guddal Hansen og Ernst Einarsen inviterer frivillige lag og organisasjonar og private aktørar til å søkja om ein ekstrapott på eín million kroner.  - Klikk for stort bileteMarian Guddal Hansen og Ernst Einarsen inviterer frivillige lag og organisasjonar og private aktørar til å søkja om ein ekstrapott på eín million kroner.

I juni vedtok kommunestyret å setja av ein million kroner til ei ekstraordinær søknadsbasert tilskotsordning retta mot barn og unge. I september vedtok levekårsutvalet kriteria for å få støtte.

Merk at søknadsfristen er 15. oktober. Her kan du søkja om støtte.

- Vi ønskjer å styrkja det frivillige arbeidet. Då det vart eit større utbytte frå BKK enn budsjettert, vedtok kommunestyret å setja av eín million kroner til denne ekstraordinære tilskotsordninga. Det er ikkje sett opp maksgrense for søknadsbeløp, og vi er spente på søknadene som kjem inn, seier Ernst Einarsen.

Kriterium for å få støtte

Tiltaka som går inn under denne ordninga skal vera retta mot barn og unge fram til og med 18 år. Dei skal gjennomførast i Øygarden og koma barn og unge i kommunen til gode. Midlane vert delte ut i løpet av 2026, og tiltaka som får støtte, må vera gjennomførte i løpet av 2027. Tiltaka kan vera nye eller vera ei vidareføring av eksisterande tiltak. Det vert ikkje gjeve tilskot til enkeltarrangement eller ordinær drift. Les oversikt over tildelingskriteria her. (PDF, 44 kB)

Kultursjef Marian Guddal Hansen seier at Øygarden kommune har eit stort og mangfaldig frivillig arbeid. Årleg vert det utbetalt meir enn fem millionar kroner til lag og organisasjonar i kommunen i ulike tilskotsordningar. 

På toppen av dette kjem det altså no eín million kroner.

- Det er positivt at politikarane prioriterer økonomisk støtte til tiltak som er inkluderande og ope for alle. Det kan både vera nye tiltak og vidareutvikling av eksisterande tiltak. Også private aktørar kan søkja om tilskot dersom dei oppfyller kriteria, seier kultursjefen.

Denne ekstra tilskotsordninga er særskilt innretta mot tiltak som styrkjer oppvekstvilkåra for barn og unge. Ordninga prioriterer  lågterskel, inkluderande og førebyggjande aktivitetar som kan bidra til deltaking, meistring og sosial inkludering. Dette skal bidra til å redusera økonomiske og sosiale barrierar for deltaking i fritidsaktivitetar.


Tekst og foto: Vigleik Brekke