Styrkjer ikkje kommuneøkonomien

Regjeringa føreslår ein realvekst i dei frie inntektene til kommunesektoren  på 3,2 milliardar kroner neste år. Det er anslått at Øygarden får ein vekst på 4,4 prosent neste år.

Kommunedirektør Johnny Breivik på talarstolen - Klikk for stort bileteKommunedirektør Johnny Breivik

Det er lagt til grunn (anslått) ein auke i dei frie inntektene (rammetilskot og skatt) på 141,5 millionar kroner til Øygarden kommune neste år. 

Kommunedirektør Johnny Breivik seier at dette vert krevjande for kommunen.

- Statsbudsjettet medfører ingen styrking av kommuneøkonomien for Øygarden kommune. Auken i frie inntekter på 4,4 prosent vil i beste fall dekkja pris- og lønsveksten. Nødvendig styrking av eldreomsorga og veksande renteutgifter vil medføra strammare budsjett i åra som kjem, seier han.

Regjeringa skriv i framlegget at auken i 2027 kjem på toppen av ei historisk høg inntektsvekst i 2025 og 2026.
Veksten i frie inntekter vil ifølgje regjeringa gje kommunesektoren eit handlingsrom på 0,5 milliardar kroner etter at meirkostnader til den demografiske utviklinga er dekt. Det er i samsvar med det som vart varsla i kommuneproposisjonen.

– Gode kommunale tenester skapar tryggleik i kvardagen til folk. Difor er det viktig for regjeringa at kommunane er i stand til å levera gode velferdstenester der folk bur. Styrkinga av inntektsrammene dei siste åra legg til rette for dette, seier kommunal- og distriktsminister Bjørnar Skjæran.

KS (fellesorganisasjon for kommunane) ser annleis på det framlagte budsjettet.

– Norske ordførarar er nok skuffa no. Eg er overraska over at regjeringa legg fram eit forslag som kan føra til kutt i tenester og stengde vegar, seier styreleiar i KS, Gunn Marit Helgesen. 

Helgesen minner om at kvar tredje kommune gjekk med underskot i fjor, og at mykje tyder på at 2026 vert endå svakare.

– Kommunane opplever ikkje milliardvekst. Dei opplever eit handlingsrom som stadig vert mindre. Lokalpolitikarar over heile landet står framfor svært tøffe politiske prioriteringar og krevjande val. Med dette forslaget kan det verta kutt i tenestene fleire stader, seier Helgesen.

Sotrasambandet

I framlegget til budsjett for samferdsledepartementet er det omtale av riksveg 555 Sotrasambandet. Det er vist til at prosjektet er forseinka og vert fullført tidlegast fjerde kvartal 2027 og at OPS-selskapet varsla i september at det vert ytterlegare forseinka, men at omfanget er uklart.

- Nå vert det arbeidd med å kartleggja konkrete tiltak som kan redusera forseinkinga og å laga ein oppdatert framdriftsplan, skriv departementet i framlegget.

Her kan du lesa meir om statsbudsjettet (nettsida til regjeringa).


Tekst og foto: Vigleik Brekke