Bli med og styrk totalberedskapen

Kor godt rusta er Øygarden om krisa kjem? No inviterer Øygarden kommune til to arbeidsverkstader om lokal totalberedskap. Målet er å samla ressursar, kompetanse og erfaring frå næringsliv, lag og organisasjonar for å byggja eit meir robust lokalsamfunn.

Brannbilar på Rongesundet bru | Foto: Geir Jensen - Klikk for stort bileteBrannbilar på Rongesundet bru | Foto: Geir Jensen

Når krisa kjem, må vi stå saman

Når ei krise rammar, er det ikkje berre kommunen og naudetatane som må bidra. Lokale verksemder, frivillige lag og organisasjonar sit på viktig kunnskap, ressursar, utstyr og nettverk som kan gjera ein stor skilnad.

Difor inviterer kommunen til arbeidsverkstader der deltakarane saman skal utforska:

  • Kva behov som kan oppstå i ulike krisesituasjonar
  • Kven som kan bidra med kva
  • Kva ressursar og kompetanse som finst lokalt
  • Korleis ein kan samarbeida betre når det verkeleg gjeld

Ingen kjenner heile biletet åleine. Ved å møtast på tvers av sektorar kan vi leggja grunnlaget for eit meir motstandsdyktig og robust Øygarden.

To arbeidsverkstader 12. november

Arbeidsverkstadene går føre seg i Kultursalen på Øygarden rådhus 12. november 2026:

For lokale bedrifter

  • Tid: kl. 10.00 - 12.00
  • Målgruppe: Verksemder i Øygarden som ønskjer å bidra til eit meir robust lokalsamfunn. Både apotek, butikkar, kontor, servicenæring og produksjonsbedrifter er velkomne.

For lag og frivillige organisasjonar

  • Tid: kl. 18.00 - 20.00
  • Målgruppe: Frivillige organisasjonar, lag og foreiningar. Erfaring med mobilisering, omsorg, nettverk og lokal tilhøyrsle kan vera avgjerande når samfunnet blir sett på prøve.

Påmelding

Kommunen ønskjer brei deltaking frå heile lokalsamfunnet. Maksimalt to deltakarar kan melda seg på frå kvar verksemd eller organisasjon.

Meld deg på her

Påmeldingsfristen er 10. november 2026.

Velkomen til ein viktig arbeidsverkstad for framtidas Øygarden.