Diana Suttirak Johannessen frå Sotra Badminton Club vann den første kampen sin.Når semifinalane og finalane er gjennomførte på laurdag, er det spelt 287 kampar i Sotra Arena der 13-14-åringar viser fram topp internasjonal badminton. Det går føre seg inntil seks kampar samstundes i det store hallen.
- Sport har ein unik kraft til å bringa folk saman. Kvar kamp er ein moglegheit til å utvikla seg, visa respekt og dela minneverdige augneblink, sa ordførar Tom Georg Indrevik.
Frå venstre; ordførar Tom Georg Indrevik, turneringsleiar Monigue Bastien og generalsekretær i Norges Badmintonforbund, Marius H. JohannessenHistorisk siger til talent frå Øygarden
Sotra Badminton Club har eín fast deltakar i denne meisterskapen. 13 år gamle Diana Suttirak Johannessen spelte sin første kamp i dag klokka 12 mot Nethra Praveenkumar frå Luxembourg. Ho vann begge setta (21-11 og 21-9) og slapp dermed å spela eit tredje sett i den første kampen.
I år er det første gong Noreg deltek i U15 EM. Sigeren til Diana er den første siger for jenter i denne turneringa.
Diana har spelt badminton i fire år. I morgon (torsdag) er det ny kamp og godt håp om at ho går vidare i turneringa.
- Målet er gå vidare. Men det er også eit mål å ikkje verta sur på meg sjølv om det ikkje går så bra, seier Diana som er medlem i Sotra Badminton Club.
Det er gøy og sosialt å vera med på dette, seier Diana Suttirak JohannessenFor å få delta i EM måtte ho gjera det godt i nasjonale turneringar.
- Det vert jo mykje reising, men det er gøy. Mamma og pappa er ofte med på turneringane, seier Diana.
- Kvifor vart det badminton for deg?
- Mamma spurte om ville prøva dette. Eg svara ja, og har ikkje angra på det. Det er ein gøy idrett der vi har godt sosial fellesskap og får mange gode vener.
Diana Suttirak Johannessen trenar mellom 1,5 og 2,5 timar fem dagar i veka.
- Eg vil gjerne anbefala fleire til å spela badminton. Vi har gode trenarar i Sotra Badminton Club, seier Diana som altså skal spela neste kamp på torsdag.
Sotra Arena fungerer godt som arena for ein meisterskap som dette.Stor innsats av dei frivillige
Generalsekretær Marius H. Johannessen i Norges Badmintonforbund seier at det vert gjort ein fantastisk innsats av mange frivillige i eit arrangement som dette.
- Her er 150 frivillige. Dugnadsinnsatsen er heilt avgjerande. Så langt har det gått svært bra. Logistikken er krevjande når vi skal syta for å få spelarar og apparatet omkring mellom flyplass, hotell og arena, seier generalsekretæren.
Dei lokale badmintonentusiastane Hans Jarle Einarsen og Julie Risa har saman med Marius H. Johannessen hatt eit stort ansvar på skuldrane sine med å arrangera ein så stort internasjonalt meisterskap.
- Læringskurva har vore bratt, men det har gått svært bra. Vi gjer dette saman og har det gøy. Vi her heilt avhengig av alle dei frivillige, seier Hans Jarle Einarsen.
Har du lyst å få med deg dette. Møt opp i Sotra Arena! Det er heilt gratis å sjå topp internasjonal badminton på ungdomsnivå.
Her er fleire bilete:
Tekst og foto: Vigleik Brekke