
- Ver stolte av vala dykkar
Fredag denne veka ønskte ordførar Tom Georg Indrevik elevane på Bildøy bibelskole velkomen til Øygarden.
- De er no ein del av lokalsamfunnet, sa ordføraren. Studieleiar Laila Eidsheim Flaa fortel at det dette året er 98 elevar på bibelskulen.
Les meir.
Kondolanseprotokoll og open kyrkje
Det vert lagt ut kondolanseprotollar i samband med bortgangen til Kong Harald V. Fleire kyrkjer i Øygarden har open kyrkje i helga. Fredag kveld gjeld dette tre kyrkjer. På innbyggjartorget og biblioteket på Straume vert det lagt ut protokoll frå klokka 12.00 i dag fredag fram til stengetid kl. 16.00. Det vert også høve til å skriva i protokollen i opningstida på laurdag og i neste veke.
Les meir.
- Øygarden har eit stort potensiale som reisemål
Torsdag i sist veke vart det markert at Øygarden kommune er merkt som berekraftig reisemål.
- Målet er å verta betre og betre, sa reiselivsdirektør Helene Frihammer (Visit Bergen) på markeringa i kanontårnet på Fjell festning.
Berekraftig reisemål handlar om å auka verdiskapinga, redusera klimagassutsleppet og sikra naturmangfald og kulturarv. Dette skal skje på premissane til innbyggjarane.
Les meir.
- Gler seg stort over nytt bibliotek
Torsdag klokka 12 vart snora klipt for det nye biblioteket på Skogsvåg skule.
- Biblioteket er veldig fint og koseleg, seier Stine (7. trinn) som er ein av dei fem bibliotekambassadørane. Fram til no har biblioteket vore ein del av Ronglagryto, som er eit ope fellesområde. No er det flytta inn like ved i eit ledig rom der forbipasserande ikkje lenger forstyrrar dei som er i biblioteket.
Les meir.
Presenterte hovudtrekka i arealdelen til kommuneplanen
- Arealdelen skal gjera måla i samfunnsdelen om til konkret arealpolitikk. Det sa ordførar Tom Georg Indrevik før administrasjonen la fram hovudtrekka i arealdelen til kommuneplanen måndag ettermiddag.
Alle plandokumenta vert tilgjengelege når saksframlegget til kommuneplanutvalet (KPU) vert sendt ut den 8. september. KPU har møte den 15. september.
Les meir.
Vestland må ta nokre store val. No kan du påverke dei
I to nye regionale planar foreslår Vestland fylkeskommune viktige grep for korleis fylket skal utvikle seg dei komande åra. No er planane på høyring, og du kan seie meininga di fram til 1. november.
Les meir.
Ordførar Tom Georg Indrevik denne veka (36)
- 31.08.: Interne møte
Møte med Sotra vidaregåande skule
Seminar for Kommunestyret (arealdelen til kommuneplanen - 01.09.: KS – Utviklingsnettverk omstilling (KS: fellesorganisasjon for kommunane)
Innlegg Norsk Industri - 02.09.: KS-utviklingsnettverk omstilling
- 03.09.: Dialog CCB
Møte med Statens vegvesen om trafikksituajsonen på Straume - 04.09.: AU-møte
Besøk på Bildøy Bibelskole
Vest Norges Brusselkontor, webinar – EØS
Møte om omstilling og effektivisering - 05.09.: Vigslar
- 06.09.: Tur, Telavåg
Varaordførar Anita Garlid Johanessen denne veka (36)
- 31.08.: Interne møte
Koordineringsutvalet
Møte om status ny vidaregåande skule
Kommunestyremøte
Gruppeleiarmøte - 01.09.: Privat
- 02.09.: Grøn region Vestland
Møte med statens vegvesen om trafikksituasjon på Straume - 03.09.: Hovedutval for opplæring og kompetanse, Vestland fylke
- 04.09.: Omstilling og effektivisering, kyrkja
- 05.09.: Vigsel Panorama