Gler seg stort over nytt bibliotek

Torsdag klokka 12 vart snora klipt for det nye biblioteket på Skogsvåg skule.
- Biblioteket er veldig fint og koseleg, seier Stine (7. trinn) som er ein av åtte bibliotekambassadørar.

Ambassadørane saman med dei bibliotekansvarlege. Frå venstre;Malene, Sunniva, Rita Nagelsen, Malene, Emma, Bente Helen Sangolt og Ethan. - Klikk for stort bileteAmbassadørar saman med dei bibliotekansvarlege. Frå venstre; Stine, Sunniva, Rita Nagelsen, Malene, Emma, Bente Helen Sangolt og Ethan.

Fram til no har biblioteket vore ein del av Ronglagryto, som er eit ope fellesområde. No er det flytta inn like ved i eit ledig rom der forbipasserande ikkje lenger forstyrrar dei som er i biblioteket.

Skogsvåg skule satsar sterkt på lesing. Alle elevane får vera med i leselaget, og det er laga ein mal for bibliotektimane. Dette skuleåret skal det vera jamleg bokkafé for elevane og dei tilsette som har eige bibliotek. Biblioteket skal også vera tilgjengeleg for SFO.

Rektor Ingrid Hestad er kjempeglad og stolt over at det nye biblioteket no er på plass.

- Kvifor har de tatt grep og fått på plass nytt bibliotek?

- Vi fekk høve til dette då vi fekk tilgjengeleg areal i rom like ved Ronglagryto. Skogsvåg er ein dysleksivennleg skule, og dette er ei satsing som er ein del av språkkommunen Øygarden. Skulen har fokus på god lesekultur og satsar på auka leseferdigheiter, seier rektoren. 

Frå opningsmarkerin ga - Klikk for stort bileteFrå den offisielle opninga på torsdag.

Faktabøker

Ho seier at mange elevar er opptekne av faktabøker, og difor er det kjøpt inn mykje ny litteratur av denne type bøker.

- Vi vil hjelpa barna til å velja rett bok. Vi skal stimulera til kameratlesing, og ein del bøker har vi difor kjøpt fleire eksemplar av. Elevane skal ha noko å snakka om når dei les same bok, seier rektor Ingrid Hestad som både hadde teke med seg VM-hattar og maskoten Spekki på opningsmarkeringa på torsdag.

Avdelingsleiar Bente Helen Sangolt og lærar Rita Nagelsen har eit særleg ansvar for biblioteket på Skogsvåg skule. Nagelsen tar vidareutdanning i «Den gode bibliotektimen». 

Vi møter dei åtte bibliotekambassadørane på 7. trinn; Emma, Sunniva, Malene, Stine, Ethan, Asbjørn, Isa og Aaron. I løpet av samtalen med ambassadørane kjem det to heile klassar inn på biblioteket med elevane. Dei sit seg rett i samling og læraren les høgt for elevane. Heidi Angeltveit seier at ho elskar å lese for elevane sine. 

- Fleire i klassen les Harry Potter-bøker. Sjølv er eg mest interessert i faktabøker, og for tida les eg ei bok om havet, seier Sunniva som les bøker både heime og på skulen.

Biblioteket - Klikk for stort bileteHer er det nye biblioteket. Fleire bøker kjem til.

Kjekt å vera ambassadør

Ambassadørane har vakter for å gjera biblioteket bemanna, og dei har mellom anna som oppgåve å skanna bøker ved utlån og innlevering. Dette skuleåret får alle elevane eiga bibliotekkort med QR-kode.

- Vi skannar bøkene ved innlevering og set bøkene på plass. Vi skal ha styr på bøkene. Eg har eín time vakt kvar tysdag. Dersom elevane har tankar om kva type bok dei ønskjer å lesa, klarer vi å finna noko som passar, seier Ethan.

- Eg likar å lesa teikneseriar og spenning. Eg les nok mest på skulen, seier Emma.

Skulesjef Rune Golt saman med maskoten Spekki. Spekki vil gjerne læra å lesa og likar godt at nokon les for han. - Klikk for stort bileteSkulesjef Rune Golt saman med maskoten Spekki. Spekki vil gjerne læra å lesa og likar godt at nokon les for han.

Ambassadørane gjev uttrykk for at dei likar å vera med og hjelpa til i biblioteket. Dei er ganske stolte og gler seg over skuleåret med nye oppgåver. 

- Dert er veldig gøy å få prøva noko nytt. Eg trur det er betre om ein sjuandeklassing hjelper ein elev til å finna ei bok enn om ein lærar gjer det. Vi opplever at elevane ser opp til oss, seier Stine som også er glad for at det er godt med sitjeplassar i biblioteket.

Malene seier at ho les mest på skulen og at ho helst les teikneseriar. Ambassadørane har ikkje hatt mange dagane på seg til å læra oppgåvene.

- Det er veldig gøy å vera ambassadør. Eg har fått øvd litt på å skanna inn bøker, seier ho.
Rita Nagelsen seier at ambassadørane er kjempeflinke. 

- Eg håpar dei også vil vera med i andre klassar. Det er heilt supert med nytt bibliotek. Det er betre å ha det i eit lukka rom. Tidlegare var det forstyrrande når nokon gjekk forbi biblioteket, seier ho.

Samtale mellom rektor Ingrid Hestad og skulesjef Rune Golf under opningsarrangementet. - Klikk for stort bileteSamtale mellom rektor Ingrid Hestad og skulesjef Rune Golf under opningsarrangementet.

Under sjølve opninga samla heile skulen seg i Ronglegryto. Det var roleg musikk på, og rektor stod klar med stablar av nye bøker rundt seg. Rektor intervjua Rita Nagelsen og Bente Sangolt, og dei fortalte motivert om det nye som skal skje på biblioteket dette skuleåret. 

Dei fekk på seg kvar sin hekla VM-hatt og viste fram nye bøker som handla om VM. Ambassadørane tredde fram og fekk vera med når snora skulle klippast. 

Skulesjef Rune Golf var også på plass. Han fekk æra av å klippa snora. 

- I dag har heile skulen god grunn til å vera stolte, sa han høgt til elevane og dei tilsette.

På slutten av markeringa kom maskoten til skulen, Spekki. Han er ein stor kval som ikkje kan lesa. Rektor les alltid høgt for han når skulen har lesefestival, men denne dagen skulle han vera med til1. trinn for å lesa saman med dei. 

Snora vart klipt og heile skulen jubla. Det var smil og jubel i heile Ronglagryto. Etter opninga tok ambassadørane tok med seg skulesjefen, Ranveig Bungum (fagansvarleg i Øygarden oppvekst) og Trine Torsvik (koordinator for skulebiblioteka) for å visa meir av biblioteket.

Her er fleire bilete:

Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Frå opningsmarkerin ga - Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete

Tekst/redigering: Vigleik Brekke
Foto: Ranveig Bungum, Skogsvåg skule og Vigleik Brekke