Nokre av elevane dette skuleråret saman med ordføraren.Studieleiar Laila Eidsheim Flaa fortel at det dette året er 98 elevar på bibelskulen.
Etter å ha presentert Øygarden kommune, fekk ordføraren mange spørsmål frå elevane.
- Kvifor byggjer de ny bru, ville ein av elevane vita.
- Dagens bru har ein kapasitet på 12 500 bilar i døgeret (ÅDT), medan det no passerer mellom 29 og 33 tusen bilar kvart døger. Om vi ikkje får den største eller lengste brua i Noreg, får vi no den breiaste brua i landet, svara ordføraren.
To av elevane dette året er Anna Emilie Sundsbø frå Sandnes og Martin Stavran frå Inderøy i Trøndelag. Begge har opplevd miljøet som godt dei to vekene dei så langt har vore saman på skulen.
Annleis år
Anna kjenner behov for eit annleis år.
- Eg ønskjer å byggja relasjonar med nye folk og læra meir om Bibelen. Eg går på reiselinja og skal på eit to månader langt opphald i Cape Town i Sør-Afrika der vi skal vera med på bistand og misjon, seier ho.
Martin har også eit ønske om ein pause mellom vidaregåande skule og studium og ønskjer å verta meir kjend med Bibelen. Eg går på KRIK-linja og har allereie vore med på volleyball-treningar i regi av Sotra Sportsklubb, fortel han.
Kva inntrykk har de av Øygarden så langt?
Anna Emilie Sundsbø frå Sandnes og Martin Stavran frå Inderøy ser fram til eit år på bibelskulen.- Eg har eit godt inntrykk. Det verkar som ein ordentleg og stabil kommune med mange tilbod, seier Martin.
Anna seier at kommunen har mange tilbod med mange hallar, forsamlingar, idrettslag og butikkar.
- Eg var imponert over det gode helsetilbodet då eg jogga gjennom Straume (helselandsbyen). Eg har inntrykk av at dette er ein trygg og god kommune å bu i, seier ho.
Ordførar Tom Georg Indrevik oppmoda elevane om å ta kommunen i bruk. Det er eit rikt kulturliv og gode høve til å ta naturen i bruk.
Han sa at det er eit aktivt forsamlingsliv med mange mengheter i kommunen.
- Det er mange bedehus her, og vi samarbeider tett med Den norske kyrkja og dei andre forsamlingane. Eg er stolt over all den aktiviteten desse representerer, sa han.
Ordføraren sa at elevane kan vera stolte av dei vala dei har teke. Han oppmoda elevane om å ta kontakt med dei som kjenner seg utanfor.
- Det er mange unge som slit med den psykiske helsa. Det er eit stor samfunnsproblem. Det å vera medmenneske er også ei viktig side med eit bibelskuleopphald. Men så må de også hugsa på å ha det gøy her på bibelskulen dette skuleåret, minna ordføraren om.
Fleire foto:
Tekst og foto: Vigleik Brekke