Frå venstre; Reiselivsdirektør Helene Frihammer (Visit Bergen), direktør for reiseliv i Innovasjon Norge, Aase Marthe Horrigmo og ordførar Tom Georg IndrevikBerekraftig reisemål handlar om å auka verdiskapinga, redusera klimagassutsleppet og sikra naturmangfald og kulturarv. Dette skal skje på premissane til innbyggjarane.
Det var direktør for reiseliv i Innovasjon Norge, Aase Marthe Horrigmo, som delte ut diplomet som stadfestar at Øygarden har oppnådd status som berekraftig reisemål.
- Øygarden har gjennomført eit omfattande arbeid med kartlegging, målingar, planar og tiltak og kan stolt ta imot diplomet som berekraftig reisemål. Det er ein viktig milepåle, men det er ikkje ei markering av at de er ferdige. Det er starten på neste etappe, minna Horrigmo om.
- Vestlandet er ein motor
Ho viste også til at reiselivet er den femte største eksportnæringa i Noreg og har over 121 milliardar kroner i verdiskaping.
Vestlandet er ein motor. Interessa for Noreg som reisemål er stor, sa Aase Marthe Horrigmo.
Podkasten Rådhuset gjorde opptak frå reiselivsarrangementet. Frå venstre; Aase Marthe Horrigmo, Tom Georg Indrevik, Helene Frihammer og Johnny Breivik (kommunedirektør og ansvarleg for podkasten).Her kan du lytta til podkasten Rådhuset som gjorde opptak frå arrangementet.
Ordførar Tom Georg Indrevik har i storparten av livet sitt arbeidd i reiselivsbransjen.
- Eg opplever at det er ein utruleg stor vilje til å utvikla reiselivet i Øygarden. Også ein dag som denne kan vi minna kvarandre om at det er ingen vits med besøkande utan kassaapparat, sa ordføraren.
Reiselivsdirektør Helene Frihammer har berre nokre veker i sjefsstolen. Ho viste til at berekraftig reisemål står på tre bein; auka verdiskaping, å ta vare på klima og miljø og skapa arbeidsplassar. Ho var glad for det som er gjort for å få Øygarden merkt som berekraftig reisemål, men minna dei frammøtte om at dette er starten på noko meir.
- Kvart år skal det leverast ein berekraftsrapport, og kvart tredje år vert det gjennomført ei remerking. Denne dagen er ei anerkjenning av det som er gjort og starten på det som skal gjerast, sa Frihammer.
Mange involverte
Det vanka mykje takk til dei som har stått i bresjen for arbeidet med å få Øygarden merkt som berekraftig reisemål. I Visit Bergen er det Magnus Brekke Nygård og no den siste tida prosjektleiar Vilde Midtbø Ulsten som har drive prosjektet fram. I Øygarden har næringssjef Marianne Furheim hatt ei nøkkelrolle. Alle desse fekk si fortente takk for det som er gjort i arbeidet med å få Øygarden merkt som berekraftig reiselivsmål.
Mange har vore og er involverte i arbeidet med å få merkt Øygarden som berekraftig reisemål. På biletet: Julie Berge Westlie (Øygarden kommune), Connie Nilsen Konglevoll (VisitBergen), Anette Skutle (Panorama Hotell & Resort), Vilde Midtø Ulsten (Visit Bergen), Silvia Høines (Panorama Hotell & Resort), Lennart Fjell (Kystmuseet) Magnus Nygaard (tidlegare Visit Bergen), Marian Guddal Hansen (Øygarden kommune) og Marta Rognved (Vestland fylkeskommune). Ikkje til stades: Kari-Anne Landro (Vest Næringsråd), Jon Steinar Midlang (Glesvær Kafè), Jannecke Olsen (Bergen og Omland Friluftsråd), Eli Janette Fosso (Øygarden kommune). Også næringssjef i Øygarden kommune Marianne Furheim er med i destinasjonsleiinga.Vilde Midtbø Ulsten takka ordførar Tom Georg Indrevik for å visa både politisk og personleg engasjement.
- Mi største takk går til Marianne (Furheim). Engasjementet ditt har vore viktig for å få det resultatet vi har fått i dag. Vi skal verta endå meir berekraftig og visa til betring etter tre år, sa ho.
Dagleg leiar i Vest Næringsråd, Kari-Anne Landro, har også vore med i destinasjonsleiinga. Vest Næringsråd trur at sertifiseringa «berekraftig reisemål» betyr noko for vidare utvikling av reiselivet i Øygarden.
- Vi som har vore med i arbeidet, jobbar med reiseliv på ein eller annan måte. Verdien av å jobba med merkeordninga har lagt eit godt grunnlag for å jobba saman mot felles mål i framtida. Eg vil spesielt nemne samarbeidet vi har mellom Øygarden kommune, Visit Bergen og Vest Næringsråd. Det årlege arrangementet kor vi sparkar i gang reiselivsåret har blitt ein suksess – og er eit ekte bevis på det gode samarbeidet, seier Kari-Anne Landro.
Marianne Furheim sa at vi skal utvikla reiselivet, men også ta vare på naturen. Ho takka politikarane for at dei vågar å satsa på reiselivet.
- Det har vore eit lærerikt og samlande prosjekt. Dette er ikkje slutten på reisa, men starten, minna også ho om.
Her kan du lesa meir om heile prosessen og prosjektet i ei kartforteljing.
Arrangementet vart avslutta med konsert i sjakten under kanontårnet.Arrangementet var torsdag kveld sist veke, kvelden før Kong Harald døde. Det vart avslutta med ein minikonsert i sjakten under kanontårnet med Vivian Steinsland og Jan Eide (gitar). Vivian Steinsland avslutta med å syngja nasjonalsalmen Gud signe vår dyre fedreland a capella. Det gjorde eit sterkt inntrykk og var ei verdig avslutning på ei fin markering.
Her er fleire bilete:
Tekst og foto: Vigleik Brekke