Frå kommunestyremøtet 31. augustAlle plandokumenta vert tilgjengelege når saksframlegget til kommuneplanutvalet (KPU) vert sendt ut den 8. september. KPU har møte den 15. september. Den 23. september tek kommunestyret stilling til om planforslaget skal sendast ut til offentleg ettersyn og høyring.
Her er lenkje til hovudtrekka i framlegget, (kartforteljing).
I samarbeid med kommuneplanutvalet har administrasjonen arbeidd med arealdelen til kommuneplanen i tre år. Etter planen skal planen vedtakast av kommunestyret før sommarferien 2027.
Tom Georg Indrevik sa at arealdelen skal visa korleis kan utvikla bustader, næring, tenester og møteplassar, og kvar vi må setja grenser for å ta vare på natur, jordvern, strandsone, kulturmiljø, tryggleik og lokalsamfunn.
- Eg vil takka administrasjonen for eit omfattande arbeid, og alle som har bidrege med kunnskap, innspel og engasjement. Framlegginga i dag er ikkje slutten på arbeidet, men starten på ei viktig politisk behandling, sa ordføraren.
Etter innleiing frå kommunalsjef Silje Haukedal var det areal- og samfunnsplanleggjar Lisbeth Selstø og rådgjevar og jurist Tonje Kyrkjeeide Åsebø som la fram hovudtrekka i framlegget til arealdelen til kommuneplanen.
Arealdelen er samansett av tre hovuddokument; plankart, føresegner og planskildring.
Planen har eit perspektiv på kva arealbruk vi har dei neste åra, men samstundes viser han dei langsiktige utviklingsstrukturane i kommunen fram mot 2050. Dette er den første felles arealdelen for den nye kommunen med like føringar og føreseieleg arealbruk for heile kommunen.
Mange innspel
Det er kome inn 1 741 innspel. Mange handla om endra arealbruk. Det er kome om lag 10 innspel med forslag til forbetring av føresegner. Det er 100 innspel om å ta vare på verdiar.
Forslaget til arealdel til kommuneplanen vert venteleg lagt ut på høyring 1. oktober etter behandling i kommunestyret 23. september.
Det vert kontordagar slik på innbyggartorga og biblioteka slik:
- Skogsskiftet tysdag 27. oktober kl. 12.00 – 18.00.
- Straume onsdag 28. oktober kl. 12.00 – 18.00
- Rong torsdag 29. oktober kl. 12.00 – 18.00.
Høyringsfristen er 12. november.
Kommunestyret behandla høyringssvar på NOU 2026:6: Den nye velferdskommunen. Tilrådinga vart samrøystes vedteken.
Ved innleiinga av møtet las ordførar Tom Georg Indrevik minneord etter Hans Majestet Kong Harald V.
- Med varme, klokskap og eit sterkt engasjement for folket har han tent Noreg med verdigheit og respekt. Han har stått ved roret gjennom både gleder og kriser, og vore ein monark som har skapt nærleik til menneske over heile landet. Kongen har også vore tydeleg på at vi er eit land for alle uansett tru legning eller tilhørigheit, sa ordføraren.
Her er opptak frå møtet på kommune-TV.
Tekst og foto: Vigleik Brekke