Her er ny vekerapport

I vekerapporten kan du lesa litt om det som har skjedd i veke 18.

Verdig og stille markering av helikopterulukka 

Rundt 200 personar deltok på minnemarkeringa etter den tragiske helikopterulukka ved Turøyna i 2016 der 13 personar omkom.
- I dag heidrar vi først og fremst dei vi mista, menneske med namn, ansikt, draumar og håp, sa ordførar Tom Georg Indrevik.
- Våre tankar går til dei næraste, som lever vidare med tapet kvar einaste dag, sa Marit Berling i Equinor . I  2016 var ho direktør for Gullfaks.
Les meir. 

Den store SFO-dagen på Skogsvåg

Denne veka vert Den store SFO-dagen markert over heile Noreg, og på Skogsvåg var det ekstra god stemning på SFO i dag. I strålande solskin stod det SFO-dagen på store plakatar, og rundt sprang det over 100 SFO-barn som deltok i ein aktiv og innhaldsrik aktivitetsdag.  Det var høgt aktivitetsnivå, mykje ekte glede og stort engasjement frå både barn og vaksne.
Les meir.

Møtte statsministeren på minnestaden etter 22. juli

På tysdag denne veka fekk Malene Wåge Hansen frå 9F på Fjell ungdomsskule møta statsministeren og digitaliserings og forvaltningsministeren i ein samskapingsprosess av eit minnesmerke framfor høgblokka i regjeringskvartalet.
Les meir. 

Flagga for å minnast dei omkomne etter helikopterulukka i 2016

Den 29. april v ar det 10 år sidan den tragiske helikopterulukka ved Turøyna. Det vart flagga ved rådhuset på Straume og i kommunedelsentera i Skogsskiftet og på Rong. Equinor flagga på dei norske kontorstadene. Kommunen og Equinor flaggar for å visa respekt og å minnast dei omkomne.
Les meir. 

Leseveke på Rong skule

Verdas bok- og opphavsrettdag vert markert kvart år 23. april, for å hylla bøker, forfattarar og leseglede. Dagen vart etablert av UNESCO i 1995 og vert feira i over 100 land. Vi på Rong skule ville markera bokdagen med ei heil bokveke. Mandag hadde vi kick-off med høgtlesing for alle som ønskte det i biblioteket.
Les meir.

Ein annleis norsktime

- Eg var ikkje spesielt flink i norsk. Komikar og forfattar André Ulveseter var ærleg overfor elevane i 8. klasse på Øygarden ungdomsskule då han på fredag gav dei ein norsktime full av humor, men fullpakka av matnyttig kunnskap. Dagen før besøkte han Tranevågen ungdomsskule. Den annleis norsktimen har sitt utspring i Facebook-sida i kampen mot særskrivingsfeil» oppretta av André Ulveseter.
Les meir. 

Melding om oppstart av namnesak – Ny ungdomsskule på Bildøyna

I medhald av § 8 i stadnamnlova vert saka lagt ut til høyring. Det vert reist namnesak for ny ungdomsskule på Bildøyna. I medhald av § 8 i stadnamnlova vert saka no lagt ut til høyring.  
Les meir. 

Offentleg ettersyn - Områderegulering for Energiparken 

Områderegulering for Energiparken GBNR 240/115 m.fl. - Blom er lagt ut på offentleg ettersyn og høyring, i samsvar med plan- og bygningslovens § 12-10.
Les meir. 

Ordførar Tom Georg Indrevik denne veka (18)

  • 27.04.:  Interne møte
                Møte om Arenaveien 
  • 28.04.:  Christiekonferansen – Bergen
                 Opning av Storebrand-konferanse, Panorama Hotel & Resort
                 Utviklingsnettverk KS (KS: fellesorganisasjon for kommunane)
  • 29.04.:  10 års minnemarkering helikopterulukka ved Turøyna
  • 30.04.:  Frukostmøte om byutvikling
                 Generalforsamling Bergen Havn Ågotnes AS
                 Kontortid Skogsskiftet
  • 03.05.:  Samling for frontkommunane


Ordføraren neste veke (19)

  • 04.05.:  Interne møte
                Generalforsamling Bergen Havn
                Møte om Fjell festning, leirskule
                Gruppemøte
  • 05.05.:  Havexpo

                      Formannskapet

  • 06.05.:  Havexpo

                      Møte om Bergen Havn
                      Møte i politirådet

  • 07.05.:  Havexpo
                Kommunestyremøte
  • 07.05.-09.05.:  Konferanse Stockholm, Moderaterna