Møtte statsministeren på minnestaden etter 22. juli

På tysdag denne veka fekk Malene Wåge Hansen frå 9F på Fjell ungdomsskule møta statsministeren og digitaliserings- og forvaltningsministeren i ein samskapingsprosess av eit minnesmerke framfor Høgblokka i Regjeringskvartalet. 

Møte med statsminister Jonas Gahr Støre. Malene Wåge Hansen er nr. to frå venstre. - Klikk for stort bileteMøte med statsminister Jonas Gahr Støre. Malene Wåge Hansen er nr. to frå venstre.

Ho, og fem andre deltakarar frå andre skular i Noreg, fekk leggja mosaikk i dette kunstverket saman med statsminister Jonas Gahr Støre og digitaliserings- og forvaltningsminister Karianne Tung.

Malene og elevar frå andre skulane fekk delta i samskapingsprosessen leia av 22. julisenter i samarbeid med KORO (Statens fagorgan for kunst i offentlege rom) der etterlatne, overlevande og andre er med og skapar minnestaden i regjeringskvartalet.

Møte med statsministeren - Klikk for stort bilete

Dei andre elevane som var med på turen frå Fjell ungdomsskule, fekk også leggja mosaikk i kunstverket, men utan ministrane. Dei var Ameli Ada Harris, Maren Nordvik Ommedal og Alida Algrøy Foldnes. Dei er deltakarar på Demokrativerkstad på Utøya denne veka.

 

Tekst og foto: Cecilie Ilebekk, lærar/spes.ped.koordinator/koordinator for særskilt språkopplæring