Melding om oppstart av namnesak – Ny ungdomsskule på Bildøyna

I medhald av § 8 i stadnamnlova vert saka lagt ut til høyring. 

Kunngjeringsdato: 28.04.2026  
Uttalefrist: 29.06.2026  
Saksnummer: 26/8416 
Status: Høyring 

Om høyringa  

Kommunedirektøren reiser namnesak for ny ungdomsskule på Bildøyna. I medhald av § 8 i stadnamnlova vert saka no lagt ut til høyring.  

Etter planen skal skulen overleverast til Øygarden kommune 26. januar 2028, med skulestart i august same år. 

Då den noverande skulen opna på 1960-talet, var det den første og einaste ungdomsskulen i dåverande Fjell kommune. Skulen fekk difor namn etter kommunen. Seinare kom Tranevågen ungdomsskule i tillegg, som fekk namn etter den lokale staden der han ligg. No eksisterer ikkje Fjell lenger som administrativ eining, og skulen ligg heller ikkje på garden/staden Fjell. Dette er bakgrunnen for at ein bør vurdera namnet på den nye skulen. 

Kommunedirektøren ønskjer innspel til namn som kan vera eigna for det nye skulebygget. 

Illustrasjon av ny ungdomsskule henta frå Veidekke  - Klikk for stort bileteIllustrasjon av ny ungdomsskule henta frå Veidekke

Dokument i saka

Høyringsuttale (PDF, 685 kB) 

Har du merknader?

Dersom du har innspel til namn, kan du senda dette til kommunen via 

Innspela vert tekne med vidare til politisk behandling og endeleg avgjerd. 

Frist for å koma med merknad er sett til: 29.06.2026 | Vis til saksnr. 26/8416