Den store SFO-dagen på Skogsvåg

Denne veka vert Den store SFO-dagen markert over heile Noreg, og på Skogsvåg var det ekstra god stemning på SFO i dag. I strålande solskin stod det SFO-dagen på store plakatar, og rundt sprang det over 100 SFO-barn som deltok i ein aktiv og innhaldsrik aktivitetsdag. 

Aktivitetar - Klikk for stort bileteSFO-dagen var full av aktivitetar

Det var høgt aktivitetsnivå, mykje ekte glede og stort engasjement frå både barn og vaksne.

Barna fekk prøva seg på ei rekkje ulike aktivitetar. Det vart spela bowling og ringspel, sprunge stafett, løyst reknespel, kasta erteposar og gått på stylter. Det vart spelt kanonball, og musikken ljoma utover området medan latteren sat laust. Det var leik, samarbeidsøvingar og mange meistringsopplevingar – akkurat slik ein ønskjer at ein SFO-dag skal vere. 

TRYGG

Mellom slaga kom det fleire fine gullkorn frå barna. Dei sette ord på eigen kvardag og kunne fortelja om arbeidet med Skogsvåg skule og SFO sitt felles utviklingsarbeid TRYGG. Barna kunne ramsa opp eigenskapar dei hadde øvd spesielt på akkurat denne dagen, som sjølvkontroll, omsorg, tolmod, hjelpsamheit og samarbeid. Dette vitnar om at arbeidet med sosial kompetanse og tryggleik gjer meining for barna og er godt forankra i heile kvardagen.

Aktivitetar - Klikk for stort bilete

Dei tilsette var aktive og med i aktivitetane, og bidrog til ei ramme prega av smil, latter og positiv energi. Musikken sette stemninga, og både barn og vaksne viste stor glede over å vere saman. Det beste med dagen var kanskje at alle fekk is, meinte ei jente i 1.klasse. Rektor var og ute saman med barna, men ho gjekk på stylter om kapp rundt skulen. Dette til stor begeistring for fleire! 

God start er viktig

SFO har ei viktig rolle i barns kvardag. SFO jobbar målretta med rammeplanen, årsplan og kompetanseheving for dei tilsette. Det vi veit er at god kvalitet på starten av dagen og etter skuletid legg eit viktig grunnlag for betre læring og utvikling i skulen. Det er ikkje berre undervisningstimane som tel – det er heile skuledagen som er viktig og verdifull for barns trivsel, motivasjon og læringslyst. På SFO får barna rom til å vere seg sjølve, bygge relasjonar, utvikle sosial kompetanse og oppleve meistring i trygge omgjevnader.

Bilete frå vegg med tekst og illustrasjon - Klikk for stort bilete

I Skogsvåg arbeider ein målretta med visjonen vi`skulen, der skule og SFO står saman i eit felles utviklingsarbeid gjennom TRYGG. Skulen si visjon er «hand i hand løftar vi kvarandre fram», og denne dagen var eit tydeleg døme på korleis denne visjonen vert levd ut i praksis – gjennom samarbeid, fellesskap, varme relasjonar og trygge vaksne.

Den store SFO-dagen vart ein dag fylt med glede, læring og fellesskap. Ein dag som viser kor viktig SFO er som arena for tryggleik, utvikling og meistring – og ein stad der barn får veksa, både som individ og i lag med andre.

Her er fleire 

Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Aktivitetar - Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete

bilete:

 

Ingrid Bildøy Hestad
rektor