Frå leseveka på Rong skuleMandag hadde vi kick-off med høgtlesing for alle som ønskte det i biblioteket. Vi las boka «Daniel møter en Tyranosaurus». Her kom det 22 leseglade elevar som fekk ei fin litteraturstund saman.
Tysdag hadde vi pop-up bibliotek i storefri. Alle elevar og vaksne var inviterte. Elevane fann sjølv fram bøker og kosa seg med eit bokbad ute i sola heile friminuttet. Å lesa i klatrestativ var ikkje nokon hindring. Absolutt ein suksess som vi vil gjera fleire gongar på Rong skule.
Onsdag gjekk vi for ope bibliotek i storefri der alle elevane var velkomne til biblioteket for å låna seg bøker. Å ha tilgang til biblioteket i friminuttet sette mange elevar stor pris på.
Frå lesevekaTorsdag var det lesekosedag. Her hadde kvar klasse fokus på å kosa seg med lesing. Nokre klassar las for kosedyr, nokon kosa seg med å lesa under pulten, ute på gangen og alle andre stadar der det var mogeleg å lesa.
Fredag hadde kvar klasse eigne aktivitetar knytt til verdas bokdag. Her vart det gjennomført aktivitetar som høgtlesing, podcastar, lesebingo, lesing med ulike oppdrag, bokbingo og bok cafè, lesekino og leseteater for å nemna noko.
Vi på Rong skule oppmoda alle til å markera dagen med å lesa heime - om det så er fem minutt eller fem kapittel. Litt lesing kvar dag gjer ein stor forskjell.
Her er fleire bilete:
Tekst og foto: Aina Eide Storesund, avdelingsleiar Rong skule