Her er ny vekerapport

I vekerapporten kan du lesa litt om det som har skjedd i veke 15.

Skipsdåp for framtida

Litt før klokka 12 på torsdag slo sjampanjeflaska mot båtsida på CO2-tankaren Northern Phoenix. Dette er det tredje skipet i Northern Lights-flåten. Mange partnarar og gjester var på plass på Festningskaien ved Bradbenken i Bergen denne dagen. Northern Lights er ein del av det norske Langskip-prosjektet som fangar og lagrar karbon.
Les meir.

Aldri meir 9. april

Aktørane som deltok på beredskapsdagen på Thon Senter Sartor på torsdag var tydelege på at tryggleikssituasjonen krev fokus på forsvar og beredskap.
- Uttrykket «Aldri meir 9. april» er meir og meir aktuelt å minna om, sa ordførar Tom Georg Indrevik då han innleia beredskapsdagen på Straume.
Les meir.

Tilrår tunnelalternativ mellom Kolltveit og Ågotnes

Hovudutval for samferdsel og mobilitet i Vestland fylke sluttar seg i hovudsak til tilrådinga frå fylkesdirektøren i eit forprosjekt der ny veg mellom Kolltveit og Ågotnes vert lagt meir i tunnel enn tidlegare planar. Hovudutvalet behandla saka på torsdag. Saka går vidare til behandling i fylkesutvalet den 28. april.
Les meir.

Velkomstsamling for nye innflyttarar 

Laurdag 18. april inviterer Øygarden kommune nyinnflytta innbyggjarar til velkomstsamling på innbyggartorget og biblioteket. 
- Vi vil gjerne møta dei nyinnflytta på ei uformell samling, seier ordførar Tom Georg Indrevik.
Les meir.

Øygarden kommune framover

Det skjer mykje i Øygarden kommune. Det går føre seg ei rekkje prosjekt og tiltak som skal utvikla kommunen til å møta framtida på best mogleg måte. Nedanfor kan du sjå omtale på video og finna utfyllande informasjon på nettsida til Øygarden kommune.
Les meir.

Samtalegruppe for pårørande til personar med demens

Er du pårørande til ein med demenssjukdom? I vår tilbyr Øygarden og Askøy kommunar samtalegrupper i samarbeid med ConnectDem, ei ideell verksemd som tilbyr pårørandeprogrammet – eit relasjonsbasert program ved demens.
Les meir.

Velkomen til frivilligbørs!

Tenk deg ein møteplass der det vert utveksla ressursar, kompetanse og idéar, heilt utan pengar. Er dette interessant for deg, møt opp på frivilligbørs 20. eller 22. april!
Les meir.