Tilrår tunnelalternativ mellom Kolltveit og Ågotnes

Hovudutval for samferdsel og mobilitet i Vestland fylke sluttar seg i hovudsak til tilrådinga frå fylkesdirektøren i eit forprosjekt der ny veg mellom Kolltveit og Ågotnes vert lagt meir i tunnel enn tidlegare planar. Hovudutvalet behandla saka på torsdag. 

Avdelingsleiar i Vestland fylkeskommune, John Martin Jacobsen, orienterte kommunestyret den 26. mars om planane om ny veg mellom Kolltveit og Ågotnes.

Saka går vidare til behandling i fylkesutvalet den 28. april.

Ordførar Tom Georg Indrevik er skuffa over at ikkje fleirtalet fullt ut følgde innstillinga frå fylkesdirektøren. Sjå kommentar nedanfor.

Med røystene til fleirtalspartia (Sp, Ap, MDG, SV og KrF) vart det gjort endring i punkt 1 og tillegg i punkt 2 i innstillinga frå fylkesdirektøren. 

I saka skriv fylkesdirektøren at fylkesveg 561 på denne strekninga har nådd kapasitetsgrensa for trafikkmengde.

Nye veglinjer i ny trase er rekna til å kosta mellom to og tre milliardar kroner. Delar av ny veglinje kan leggast i tunnel for å avgrense konsekvensane for område med store verdiar knytt til naturmangfald og friluftsliv. 

- Nye veglinjer kan truleg favorisera bilkøyring framfor kollektiv, og vil difor utfordra nullvekstmålet for personbiltrafikk, går det fram av saksutgreiinga.

Endring og tillegg

Etter framlegg frå KrF, som fekk åtte røyster (fleirtal), heiter det vidare i det første punktet at meir aktivitet og ny næringsutvikling vil krevja ny veg eller stor utbetring av den eksisterande vegen. Det vil vera ein føresetnad med økonomisk medverknad for brukarar som er avhengige av ny veg. 

I punkt to er utvalet samde om å tilrå at ny veg vert lagt meir i tunnel enn i tidlegare planar. Etter framlegg frå MDG vart det med åtte røyster (fleirtal) tilrådd eit tillegg om at «det er viktig at ein i vidare planlegging tar omsyn til naturverdiane og vel ei løysing som i minst mogleg grad fører til nedbygging av desse.»

Hovudutvalet er samrøystes i resten av tilrådinga frå fylkesdirektøren der det heiter at fylkesdirektøren vert beden om å gå i dialog med Øygarden kommune for å utarbeida ein framdriftsplan for utvikling av strekninga, som grunnlag for formelt planarbeid og samfunnsmessig bruk av overskotsmassar. 

I tilrådinga vert det også bedt om at det vert gjennomført ei finansieringsanalyse saman med kommunen for å sjå på moglegheiter for finansiering av utvikling av den aktuelle fylkesvegen. 

Det vert vidare tilrådd at det vert gjennomført eit eige arbeid for å vurdera løysing for framtidig kryssutforming og trafikkavvikling ved Ågotnes sentrum og at dette vert prioritert.

Håpar på endring før endeleg vedtak

Ordførar Tom Georg Indrevik er skuffa over at fleirtalet i hovudutvalet set vilkår for dialogen.

- Eg hadde håpa at dei hadde følgd innstillinga frå administrasjonen. Eg trur at tilrådinga kan verta endra fram til endeleg vedtak, seier ordføraren.

I innstillinga frå fylkesdirektøren, som ordføraren støttar, heiter det mellom anna i punkt 1 at «det er ein føresetnad at det vert bygd ny veg for å opna opp for meir aktivitet og næringsutvikling.»

Her kan du lesa saksutgreiinga i Vestland fylkeskommune.



Tekst og foto: Vigleik Brekke