Frå venstre; president i NVIO Ole Asbjørn Fauske, Arne Bård Dalhaug (Norges Forsvarsforening), ordførar Tom Georg Indrevik, Christian Daae-Hansen (Sotra Forsvarsforening) og Simon Østvold (stabssersjant i Forsvarets vernepliktsenter).Det var Sotra og Øygarden Forsvarsforening (SØF), og Norsk TotalforsvarsForum (NTF) Vestland (Hordaland) som stod bak arrangementet.
I tillegg til talar, skapte Sjøforsvarets Musikkorps og dansarar frå Sotra Sportsklubb ei verdig og kvalitetsfull ramme om arrangementet. Fleire lokale aktørar hadde utstilling/stand.
Ordføraren sa at det handlar meir enn om ord.
- Vi må ta ansvar for oss sjølv og fellesskapet. Det er svært viktig kva vi gjer med dette lokalt, regionalt og nasjonalt, sa ordføraren.
Sjøforsvarets MusikkorpsPresident i Norges veteranforbund for internasjonale oppdrag (NVIO) og leiar i styret for Fjell festning, Ole Asbjørn Fauske frå Ulveset sa at vi mista fridomen vår i april 1940.
- Dette førte til at vi mista ei heil bygd, Telavåg, der mennene vart ført til fangenskap i Tyskland og kvinner og barn vart internerte på Framnes i Hardanger. Vi fekk ikkje vera dei vil ville vera. La oss lova kvarandre at dersom det er nødvendig står vi opp og forsvara fridomen vår. Hugs nasjonalsongen der vi syng «..også vi, når det blir krevet», sa Fauske.
Dansarar frå Sotra Sportsklubb ramma inn danseframsyninga med radioopptak frå 9. april og dikt av Arnulf Øverland.Også president i Norges Forsvarsforening, Arne Bård Dalhaug, var til stades på arrangementet.
- I dag er vi inne i ein usikker tryggleikspolitisk situasjon i Europa enn vi har vore tidlegare. Vi kjem ikkje utanom at Russland er meir uføreseieleg enn landet har vore tidlegare. Vi er offer for spionasje og ei hybrid krigføring. Faren for sabotasje er større, seier han.
Etter markeringa på senteret var det føredrag og panlesamtale på ODEON Kino Sotra.
Her er fleire bilete:
Tekst og bilete: Vigleik Brekke