Øygarden kommune framover

Det skjer mykje i Øygarden kommune. Det går føre seg ei rekkje prosjekt og tiltak som skal utvikla kommunen til å møta framtida på best mogleg måte. Nedanfor kan du sjå omtale på video og finna utfyllande informasjon på nettsida til Øygarden kommune.

Skjermdump frå video - Klikk for stort bileteSkjermdump frå video

Det handlar om investeringar og korleis vi skal realisera og drifta investeringane. Vi skal også utvikla smarte og framtidsretta løysingar for å sikra gode tenester for innbyggjarane.

I ein video svarar kommunedirektør Johnny Breivik og samhandlings- og utviklingssjef Elin Helland-Jooste på korleis vi kan få dette til. Dei svarar også på forskjellen på og samanhengen mellom Øygarden 2040, Øygarden pluss og Framtidssamfunnet

Fredrik von der Ohe er ansvarleg for opptak og redigering.


Les meir om omstillingsprogram - Øygarden pluss her.