Velkomen til frivilligbørs!

Tenk deg ein møteplass der det vert utveksla ressursar, kompetanse og idéar, heilt utan pengar. Er dette interessant for deg, møt opp på frivilligbørs 20. eller 22. april!

Frå innbyggjarmøte på Rong 3. mars der ein drøfta bruk av kommunedelsentera og innbyggartorga og biblioteka. - Klikk for stort bileteFrå innbyggjarmøte på Rong 3. mars der ein drøfta bruk av kommunedelsentera og innbyggartorga og biblioteka.

Øygarden frivilligsentral inviterer frivillige lag og organisasjonar og lokalt næringsliv til frivilligbørs på Rong og i Skogsskiftet.

  • Innbyggartorget og biblioteket på Rong: måndag 20. april kl. 18.00-20.00
  • Innbyggartorget og biblioteket i Skogsskiftet: onsdag 22. april kl. 18.00-20.00.


Frå klokka 17.45 er det registrering og oppmøte. Arrangementa er gratis men vi ber om påmelding (lektronisk skjema):  

Program for kvelden

  • 17.45: Registrering og oppmøte
  • 18.00–18.15: Velkomst og introduksjon til “spelereglane”
  • 18.15–18.45: Plakatverkstad – vi lagar plakatar over kva de tilbyr og ønskjer
  • 18.45–19.45: Frivilligbørs – mingling, avtalar og samarbeid
  • 19.45–20.00: Oppsummering og avslutning

Kva er frivilligbørs? 

Frivilligbørs er ein leiken, effektiv og engasjerande møteplass der frivillig sektor, næringsliv og offentlege tenester kan utveksla ressursar, kompetanse og idear, heilt utan pengar. Målet er å skapa nye samarbeid som styrkjer lokalsamfunnet vårt.  

Korleis fungerer dette? 

På Frivilligbørsen lagar alle deltakarane plakatar som viser kva dei kan tilby, og kva dei ønskjer seg. Etter plakatverkstaden startar sjølve børsen.

Kanskje møter du nokon som har noko du treng, eller nokon som du kan tilby kompetansen din. Det kan bli ein konkret plan om å jobba saman i eit eksisterande prosjekt, eller ein avtale om å møtast igjen for å snakka vidare om ein idé de får i lag.

Det er ikkje sikkert at den første ideen er den som vert realisert til slutt. Det viktigaste er å knyta kontakt og avtala nye møte for fleire samtalar. 

Kva kan ein “handla med”? 

Under Frivilligbørsen kan de tilby og etterspørja ressursar innan mange kategoriar, til dømes:

  • Kloke hovud: kompetanse, kurs, rådgjeving
  • Varme hjarter: tid til andre, medmenneskeleg hjelp
  • Nyttige nevar: dugnadshjelp, arrangementsstøtte
  • Festarrangement: underhaldning, opplevingar
  • Gode kontaktar: hospitering, mentor, nettverk
  • Husrom: lån av lokale eller lagerplass
  • Ting & tang: låna eller dela utstyr og materiell


Døme på avtalar

  • Turlaget tilbyr kompetanse i turleiing mot at ein ungdomsorganisasjon bidreg med servering eller vaktteneste på eit friluftsarrangement.
  • Bedrift låner ut kantine/kursrom til ein organisasjon som manglar møteplass, i byte mot at organisasjonen held eit inspirasjonsforedrag om inkludering eller frivillig arbeid.
  • Bedrift/kommune/frivillig organisasjon utviklar ein ‘bli kjent i kommunen’ dag for nye innbyggjarar.
  • Idrettslag får låne firmabil/tilhengar ved transport til arrangement, mot at bedrifta får synleggjering som ‘lokal støttespelar.
  • Sogelaget får hjelp til å rydda gamle stiar eller kulturminneområde, og gjev tilbake foredrag om historia bak områda som friluftslaget brukar.
  • Korpset held minikonsert på pensjonistlaget si samling, som til gjengjeld bidreg med servering og frivillige når korpset skal ha konsert.


Saman kan vi skapa nye, kreative og verdifulle samarbeid for heile lokalsamfunnet!

Les om Frivilligbørs Norge her.

Velkomen!