Her er ny vekerapport

I vekerapporten kan du lesa litt om det som har skjedd i veke 12.

Hylla kulturen og idretten

Det var fest i kultursalen i Øygarden rådhus fredag kveld. Ei rekkje prisar vart utdelte på kultur- og idrettsgallaen. 
- Det var rørande. Det er rart at eg som jobbar med å sjå andre no skal bli sett sjølv, seier André Clausen som fekk folkehelseprisen. Dei andre som fekk pris denne kvelden var Vigdis Taranger, Åshild Eriksen, Oda Erstad, Siv Øye Karlsen og Cathrine Fredriksen Veirud.
Les meir. 

Ber tredjepart å vurdera handlemåte til Statsforvaltaren 

Øygarden kommune klagar Statsforvaltaren i Vestland inn for Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet. Bakgrunnen er måten Statsforvaltaren har handtert tilsynssaker i barnevernet. Klagen er knytt til måten Statsforvaltaren har utøvd tilsynsrolla og saksbehandlinga i ei konkret tilsynssak.
Les meir.

- Vi ønskjer ei berekraftig framtid

Det yrte av folk på Thon Senter Sartor på torsdag då Energimessa vart arrangert for niande gong.
- Vi vil visa at vi kan dyrka fram mat i hagen, seier Adrian Berg som går på 7. trinn på Ulveset skule. Elevgruppa på Ulveset skule meiner at vi kjøper for mykje mat frå utlandet og produserer for lite matvarer i Noreg.
Les meir.

Prisdryss på Energimessa

Torsdag klokka 18 vart dei beste standane på Energimessa kåra. Prisane gjekk til Ågotnes skule, Spildepollen skule og helse- og oppvekstfaget på Sotra vidaregåande skule.
Les meir.

Vil du forska saman med våre tenester?

Vi i Øygarden kommune meiner forsking er viktig for utvikling, innovasjon, kunnskap og kompetanse i våre helsetenester. Vår hovudfilosofi er at vi heller vil forske med, bidra inn i, og delta i utforminga av forskingsprosjekt.
Les meir.

Takk til deg som ryddar!

Kvart år gjer frivillige i lag, organisasjonar og verksemder ein stor innsats med å rydda både i strandsona, på sjøbotn og langs vegane våre. I 2025 vart dei statlege rammene for innlevering av avfall endra, og denne endringa vert vidareført i 2026. Det inneber mellom anna at ryddeaksjonar må vera registrerte på ryddenorge.no, for at ØyVAR skal ta imot avfall gratis.
Les meir.

Nybegynnarkurs - norskopplæring på kveldstid

Vaksne innvandrarar vert inviterte til å delta på nybegynnarkurs i norskopplæring på lærings- og integreringssenteret. Norskkurset ved Øygarden læringssenter følgjer læreplanen i norsk og samfunnskunnskap.
Les meir.

Ordførar Tom Georg Indrevik denne veka (12)

  • 16.03.:  KS-toppmøte Oslo (KS: fellesorganisasjon for kommunane)
  • 17.03.:  KS-toppmøte Oslo
                Årsmøte Norske petroleumskommunar
  • 18.03.:  Interne møte 
                 Innlegg på rammevilkårskonferansen 
                 Møte med Bergen kommune
                 Møte med Bergen og Omland Friluftsråd
                 Partimøte om arealdelen til kommuneplanen
  • 19.03.:  Ikkje til stades

Ordføraren neste veke (13)

  • 23.03.:  Ikke til stades
  • 24.03.:  Besøk Svanevågen barnehage 
                 Formannskapsmøte
  • 25.03.:  Møte med med Coast Center Base
  • 26.03.:  Kommunestyremte
                 Arrangement Tranevågen skule
  • 27.03.:  Besøk Northern light 
                Møte i Miljøløftet  

Varaordførar Anita Garlid Johannessen denne veka (12)

  • 16.03.-17.03.:  KS-toppmøte Oslo
  • 18.03.:  Eigarmøte Etablerersenteret
                 Status Bergen og Omland Friluftsråd,  prosjekt
                 Felles gruppemøte
  • 19.03.:  Energimesse
  • 20.03.:  Kultur- og idrettsgalla