- Vi ønskjer ei berekraftig framtid

Det yrte av folk på Thon Senter Sartor på torsdag då Energimessa vart arrangert for niande gong.
- Vi vil visa at vi kan dyrka fram mat i hagen, seier Adrian Berg som går på 7. trinn på Ulveset skule.

Elevar frå Kolltveit framfor utstilling - Klikk for stort bileteElevane på Ulveset skule ønskjer ei berekraftig framtid.

Elevgruppa på Ulveset skule meiner at vi kjøper for mykje mat frå utlandet og produserer for lite matvarer i Noreg.

- Vi må skapa ei berekraftig framtid. Her ser du døme på karse, epleplanter og gras som vi har dyrka fram. Vi har også teke i bruk brukte klede og skapt nye klede. Det er gjerne gamle bukser som vi har klipt til, seier Adrian Berg.

Kolltveit skule viser fram ein stor havvindpark.

- Dette er fornybar energi. Vi meiner det er best at vindmøllene vert plasserte ut i havet og vekke frå land, seier Melissa Tøkje Nyborg som går i sjette klasse.

Elevar frå Kolltveit skule - Klikk for stort bileteElevar frå Kolltveit skule

Energimessa er eit samarbeid mellom Vest Næringsråd, Thon Senter Sartor, Sotra vidaregåande skule og Øygarden kommune. Den offisielle opninga skjedde i Glassgården. Det var dagleg leiar i Vest Næringsråd, Kari-Anne Landro, leiar i levekårsutvalet i Øygarden kommune, Ernst Einarsen og skulesjef Rune Golf sparka det heile i gang. 

Glassgården - Klikk for stort bileteDet var mykje folk ved Glassgården då Energimessa vart offisielt opna.

Vil Vite i Bergen viste fram ei rekkje fysikk-eksperiment til stor glede for publikum.

Dette året er det 18 skular som stiller ut og viser kunnskap, forsking og refleksjon.

Rune Golf (til venstre) og Ernst Einarsen - Klikk for stort bileteRune Golf (til venstre) og Ernst Einarsen

- Eg er stolt og takksam for at vi får dette til, og eg er takksam for det gode samarbeidet med næringslivet i Øygarden. Vi får dette til for det vert vist iver, engasjement og kreativitet. Dette er framtida. Gå rundt og sjå på utstillingane, var oppmodinga frå skulesjef Rune Golf.

Her er fleire bilete:

Frå Energimessa - Klikk for stort bilete