Takk til deg som ryddar!

Kvart år gjer frivillige i lag, organisasjonar og verksemder ein stor innsats med å rydda både i strandsona, på sjøbotn og langs vegane våre. I 2025 vart dei statlege rammene for innlevering av avfall endra, og denne endringa vert vidareført i 2026. Det inneber mellom anna at ryddeaksjonar må vera registrerte på ryddenorge.no, for at ØyVAR skal ta imot avfall gratis. 

Strandrydding | Foto: Vigleik Brekke - Klikk for stort bilete

Tala frå ryddenorge.no for 2025 viser at det vart registrert 200 ryddeaksjonar i Øygarden kommune, med 2 386 deltakarar. Desse deltakarane rydda 81 km strandline og 30 tonn marint avfall. Om lag 22,5 tonn vart levert til ØyVAR, medan Bergen og omland friluftsråd (BOF) tok hand om resten. Vi håpar at den gode innsatsen held fram i 2026. 

Slik gjer du når du skal arrangera ein ryddeaksjon

  • Gå inn på nettsida ryddenorge.no
  • Der opprettar du brukar, legg inn aksjonen og får ein aksjonskode
  • Hent sekkar og hanskar hos ØyVAR på Straume eller Midtstegen
  • Gjennomfør ryddeaksjonen

Når aksjonen er gjennomført

  • Registrer stad, dato og mengde avfall du har rydda på ryddenorge.no
  • Lever avfallet på ein av gjenbruksstasjonane til ØyVAR. Vi tilrår Midtstegen, men du kan òg levera på Straume. 
  • Vis fram aksjonskode ved innlevering. Utan kode må du betala for levering.
  • Er transport av rydda avfall utfordrande kan ein kontakta BOF for å avtala henting. Oppgi aksjonskode frå ryddenorge.no

Dersom det er vanskeleg å frakta avfallet

Dersom transporten er særleg utfordrande, kan du kontakta BOF for å avtala henting. Send e-post til firmapost@bof.no og oppgi aksjonskoden frå ryddenorge.no.


Foto: Vigleik Brekke