Folkehelseprisen gjekk til André Clausen. Til venstre; kultursjef Marian Guddal Hansen og til høgre; leiar i levekårsutvalet Ernst Einarsen.Podkasten Rådhuset gjorde opptak fredag kveld der alle prisvinnarane vart intervjua. Episoden vert publisert 24. mars kl. 07.00.
Pris for å arbeida med psykisk helse
André Clausen fekk altså folkehelseprisen. Andrè har dei siste seks-sju åra vist eit stor engasjement for psykisk helse, både lokale og nasjonalt. Han har aktivt nytta digitale kanalar, særleg podkast og sosiale medium. Podkasten Opne forhold oppnådde han stor suksess med rundt 130 tusen lyttarar.
- Gjennom føredrag belyser han utfordringa knytt til relasjonar i privatlivet, på arbeidsplassen og i skulen og gjev innsikt i korleis auka medvite kan skapa positive endringar, heiter det frå forslagsstillaren.
André Clausen arbeider som prosjektleiar for Vendepunkt ung i regi av NAV.
Frivilligpris
Frivilligprisen gjekk til Cathrine Fredriksen Veirud. Hennar frivillige arbeid er knytt til Bergen Vest Svømmeklubb som har eit stort engasjement i symjeopplæring og trening i symjehallen på Ågotnes. I grunngjevinga står det at ho er hovudansvarleg for gjennomføringa av opplæringstilbodet, følgjer opp teamleiarar, koordinerer og har full kontroll på alt som skjer.
- Det er kjempegjevande å vera der med alle ungane. For meg er det viktig at dette er eit tilbod for alle. Ikkje minst gjeld det barn som gjerne fell utanfor, seier prisvinnaren.
Frivilligprisen gjekk til Cathrine Fredriksen VeirudI grunngjevinga vert det vist til at Cathrine har omsorg for alle.
- Ho er ei eldsjel og frivillig ressurs som stiller opp med eit hjarte for alle som ein sjeldan har sett. Det er aldri nei, ho set andre i fokus, heiter det frå forslagsstillaren.
Har arbeidd over 40 år med barn og unge
Mot til å glede-prisen gjekk til Vigdis Taranger som gjennom meir enn 40 år har arbeid med og for barn og unge i Fjell og Øygarden. Dette kom heilt overraskande på henne, og ho var tydeleg rørt då ho tok imot prisen.
- Møte med menneske kvar dag driv meg. Det er lett å gje eit smil når du får eit smil tilbake. Dette er den beste jobben eg har hatt, seier prisvinnaren.
Vigdis Taranger fekk MOT til å glede-prisen. Prisen vart delt ut av Amalie Stusdal og Oline KaalaasVigdis er utdanna barne- og ungdomsarbeidar og har gjennom sin lange karriere jobba i både barnehage, ungdomsklubb, MOT og skule samt at ho har vore med på sommaraktivitetar og arrangement.
- Vigdis er eit varmt menneske som tar imot alle som ho møter med eit stort smil og får dei føla seg velkomne. Ho har blitt det blide ansiktet til BUA Øygarden og har hjelpt hundrevis av familiar til å låne det utstyret dei treng for turen sin. Hennes varme og inkluderande velkomst hjelper med å bygge ned tersklar og gjer det enkelt for folk til å be om hjelp slik at alle føler seg godt tatt imot, heiter det frå forslagsstillaren.
Musikkpris til Åshild Eriksen
Leiar i Øygarden musikk- og kulturråd, Oddvar Rebnord, overrekte musikkprisen (heiderspris) til Åshild Eriksen. Dette var den 21. musikkprisen som er delt ut.
Åshild Eriksen fekk heiderspris frå Øygarden musikk- og kulturråd.Han sa at prisen i år går til ein person som driv med kultur, kultur, kultur og som lever av og med og for musikk. Ho overtok Fjell kulturskulekor på slutten av 90-talet og har utvikla koret til stadig nye høgder. Saman med Erik Kroken har ho laga og gjeve ut ei unik songbok for småbarn.
- Ho har elles vist stor innsats for at Øygarden er ein syngjande kommune. Ikkje berre kommunen vår har dratt nytte av hennar innsats. Heile fylket har fått oppleva flotte konsertar, noko som har ført til nye varige vennskap på tvers av kommunegrensene, sa Rebnord.
Heidersprisen kom overraskande.
- Dette visste eg ingenting om. Vi syng for lite i skulen, men nokre gjer det svært mykje og bra. Men det er nok litt for personavhengig, seier Åshild Eriksen.
To prisar frå idrettsrådet
Heiderprisen frå idrettsrådet gjekk til Oda Erstad. Til venstre; kultursjef Marian Guddal Hansen og til høgre; leiar i idrettsrådet Sturle HallerakerUngdomsprisen til idrettsrådet gjekk til Oda Erstad som er medlem i Skogsvåg idrettslag og som driv med friidrett. Ho har drive med friidrett i fem år. Ho gler seg over at fleire og fleire er med på friidrett. Ho hjelper også til med å trena dei som er yngre enn henne.
- Eg vart svært overraska over prisen. Eg set jo stor pris på å bli lagt merke til. Det er kjekt å vera med og trena dei yngre, seier Oda.
Idrettsrådet delte også ut heiderspris. Dette året gjekk prisen til Siv Øye Karlsen som har vore leiar i Sotra Sportsklubb i mange år. Ho var sentral i arbeidet med å slå saman fleire idrettslag på Litle Sotra. Siv har også vore leiar i idrettsrådet.
- Det er svært inspirerande å vera med ungdom og sjå meistring, både idrettsfagleg og sosialt. Øygarden er ein fantastisk kommune som har tilrettelagt for at vi kan gjera dette. Også private bidragsytarar har gjort det mogleg å byggja fleire anlegg, seier Siv Øye Karlsen.
Heidersprisen frå idrettsrådet gjekk til Siv Øye KarlsenPris for kunst
Alva-Louise Ågotnes Tellnes var ein av dei 52 vinnarane i konkurransen om å laga kunstverk i Mayors for Peace. Ho konkurrerte med over åtte tusen kunsverk med deltakarar frå 153 byar i 19 land. Den eine vinnaren kom altså frå Øygarden. Alva-Louise fekk sin fortente heider denne kvelden. Her skulle deltakarane (11-15 år) synleggjera kva fred betyr for dei.
Alva-Louise Ågotnes Tellnes var ein av vinnarane av kunstkonkurransen i regi av Mayors for PeaceDet frivillige arbeidet lever
Det var leiar i levekårsutvalet Ernst Einarsen og kultursjef Marian Guddal Hansen som delte ut prisane. Stødig konferansier var Robert Mikkelsen. Ordførar Tom Georg Indrevik var bortreist og helse til forsamlinga på video.
- Vi snakkar gjerne om at det frivillige er på vikande front. Men eg er overraska kvart år kva som vert gjort. Folk gjer utruleg mykje med eigne midlar. Dette brer om seg. Folk ser at det nyttar, seier Einarsen som understrekar at det berre var gode kandidatar til prisane som vart utdelte fredag kveld.
Mottakarane av kulturstipendEin stolt kultursjef Marian Guddal Hansen oppsummerer kvelden.
- Eg vert utruleg imponert. Det er rørande å sjå alle idretts- og kulturutøvarane i Øygarden. Dei legg ned mykje tid og energi kvar einaste dag. Det er viktig å heidra dette arbeidet. Vi ønskjer å samarbeida godt med frivilligheita. Frivillig arbeid krev mykje. Eg trefte på ein kulturarbeidar i kveld som sa at ho fokuserte på det dei fekk til, seier kultursjefen.
Desse fekk idrettsstipendPå samlinga vart det også delt ut heider til kultur, idrett, idrettsstipend/kulturstipend. Ei gruppe frå Rong Brass sytte for at arrangementet hadde ei flott musikalsk ramme. Innimellom prisutdelingane var det ei rekkje underhaldningsbidrag som viser dei breie organisasjons- og kulturlivet i kommunen.
Kulturprisen og tilgjengeprisen vert delte ut ved seinare høve.
Her er fleire bilete:
Tekst og foto: Vigleik Brekke