Her er ny vekerapport

I vekerapporten kan du lesa litt om det som har skjedd i veke 11.

Reiselivet vil samarbeida endå meir

- Skal vi lukkast med vekst i reiselivet, er det avgjerande at vi samarbeider til glede for alle. Det sa ordførar Tom Georg Indrevik då han ønskte velkomen til reiselivstreff på Thon Hotel Straume. Dei mange aktørane som hadde ordet viste til at det er mykje samarbeid i bransjen og at dette kan få endå større omfang.
Les meir.

Opnar ny veg på Kolltveit

Natt til tysdag 17. mars vert noverande veg på Kolltveit stengd. Trafikken vert då flytta over på ein ferdigstilt del av den nye vegtraseen i prosjektet.
Les meir.

Barnehagedagen 10. mars 2026

Kvart år markerer vi den nasjonale barnehagedagen. I år er hovudfokuset inkludering, rom for alle, mangfald og gode fellesskap; Små handlingar som gjer ein stor forskjell i barna sin kvardag. Liljevatnet, Straume og Leirstaden barnehage har over tid vore syngande barnehagar, med god kontakt og oppfølging av Åshild Eriksen frå kulturskulen.
Les meir.

Over 1 700 innspel til kommuneplanen 

- Denne gode responsen viser at folk bryr seg om nærmiljøet sitt. Det seier leiar i kommuneplanutvalet Svein Otto Jacobsen (Frp) etter at det har kome inn 1 730 innspel til arealdelen til kommuneplanen innan fristen 8. mars. Mange sendte inn merknadene sine tett opp til fristen. I løpet av den siste helga kom det inn 500 innspel.
Les meir.

Trygge vaksne gjer ein forskjell – for alle ungdomane i Øygarden

I slutten av 2025 og i byrjinga av 2026 fekk vi som arbeider med ungdom i Øygarden kommune, saman med lokalt politi, kjennskap til alvorlege hendingar der nokre få ungdomar var involverte. Vi vil fortelja kva vi ser og løfta fram kor viktig det er at vi vaksne står saman for å skapa tryggleik rundt ungdomane våre. 
Les meir.

Ordførar Tom Georg Indrevik denne veka (11)

  • 09.03.:  Interne møte
                 Møte med Øygarden Idrettsråd
                 Besøk på Tednebakkane omsorgssenter
                 Dialog vedk Lundaneset
  • 10.03.:  Føredrag for Diabetesforbundet
  • 11.03.:  Kick Off for reiselivet i Øygarden
  • 12.03.:  Årskonferanse for Offshore Norge Oslo
  • 13.03.:  Dialogmøte med VNR
                 Generalforsamling i Sambygg og Ågotnes Næringspark
  • 14.03.: Offisiell opning av Junior NM for lag – Badminton Sotra Arena
                 Innlegg for Alver Høgre
                 Ope for alle og Sartor Padel

Ordføraren neste veke (12)

  • 16.03.:  KS-toppmøte Oslo (KS: fellesorganisasjon for kommunane)
  • 17.03.:  KS-toppmøte Oslo
                Årsmøte Norske petroleumskommunar
  • 18.03.:  Interne møte 
                 Innlegg på rammevilkårskonferansen 
                 Møte med Bergen kommune
                 Møte med Bergen og Omland Friluftsråd
                 Partimøte om arealdelen til kommuneplanen
  • 19.03.:  Ikkje til stades

Varaordførar Anita Garlid Johannessen neste veke (12)

  • 16.03.-17.03.:  KS-toppmøte Oslo
  • 18.03.:  Eigarmøte Etablerersenteret
                 Status Bergen og Omland Friluftsråd,  prosjekt
                 Felles gruppemøte
  • 19.03.:  Energimesse
  • 20.03.:  Kultur- og idrettsgalla