Sentrale aktørar på avsparksamlinga for reiselivet. Frå venstre; ordførar Tom Georg Indrevik, direktør i Visit Bergen Anders Nyland, næringssjef i Øygarden kommune Marianne Furheim, dagleg leiar i Vest Næringsråd Kari-Anne Landro og kommunikasjonsansvarleg i Vest Næringsråd Anders Ekanger.Ordførar Tom Georg Indrevik sa at reiselivet er ei viktig og veksande næring i Øygarden med eit stor potensiale.
- Vi har mykje å vera stolte av. Det gjeld berre å løfta det fram slik at andre også oppdagar det, sa han.
Det er Vest Næringsråd, Visit Bergen og Øygarden kommune som samarbeider om avspark for reiselivsåret. Arrangementet hadde 80 deltakarar.
- Eg vert stolt når eg høyrer om kva som skjer i reiselivet. Mange er gode på samarbeid, og det er gledeleg at dei inviterer til endå meir samarbeid og meir bruk av lokale leverandørar, seier dagleg leiar i Vest Næringsråd, Kari-Anne Landro.
Landro innleia konferansen med å visa til at godt over 500 personar er tilsette i reiselivsbransjen (2022). Ho oppmoda reiselivsaktørane til å tilby sommarjobb og jobb til 9. klassingar når dei har arbeidsveke.
80 personar deltok på samlingaSamarbeid
Eit sentralt tema på samlinga var samarbeid mellom reiselivsaktørane. Ei rekkje reiselivsaktørar presenterte verksemda si og korleis dei samarbeidde med andre aktørar.
Dei fleste prioriterer lokale samarbeidspartnarar. Dette bidreg til lokal verdiskaping.
Thon Hotel Straume har planar om å byggja ut. Dette vil bidra til at kapasiteten aukar til 189 rom. Hotelldirektør Sølvi Langø viste til at hotellet samarbeider med fleire lokale aktørar om turar og aktivitetar.
- Kundane ønskjer ein ferdig pakke, sa Langø.
Vil ha vikingskip på Kystmuseet
Leiar på Kystmuseet, Lennart Fjell, orienterte om utviklinga av museet, samarbeid og framtidsvisjonar. Han trekte ei linje frå 11 tusen år før Kristus og inn i framtida. Utstillinga på museet er litt utdatert. Utstillingane vil få ein større variasjon framover.
- Eg opplever godt samarbeid med det frivillige. Elles ønskjer vi å lyfta opp det faktumet at vi har mange spor etter vikingtida her ute. Vi vil byggja og driva eit vikingskip. No utfordrar vi aktørar til å vera med og støtta dette prosjektet, sa Lennart Fjell.

På samlinga vart mellom anna deltakarane utfordra til å koma med forslag om kva som skal til for at Fjell festning vert den staden alle vil reisa til. Det kom inn mange forslag. Det handla mellom anna om utstillingar, utvida opningstid, laga til utsiktspunkt, betra infrastrukturen, arrangera festivalar, opna for pop up-kaféar, gje skjenkeløyve og betra parkeringsforholda.
Dei aktørane som hadde innlegg og snakka om samarbeid var GAC (cruise-anløp), Bergen Fjord Adventures, Kystmuseet, Panorama Hotell & Resort, Sotra Villmarkssenter, Skogtun Camping, Thon Hotel Straume, Sartor Holding, Turbuss Bergen, Steffi Stølen/Leitet Gard og Cornelius Sjømatrestaurant.
Næringssjef Marianne Furheim seier at ein i arbeidet med Berekraftig reisemål, i samarbeid med Visit Bergen, Vest Næringsråd og lokale aktørar, ønskjer å engasjera reiselivsnæringa endå meir framover. Dersom alt går som planlagt, får Øygarden merket i juni i år. Merket for Berekraftig reisemål handlar om å utvikla reiselivet i kommunen på ein berekraftig måte, der natur, kultur og lokalmiljø er viktige.
- For å klara dette treng vi samarbeid, felles satsingar og god utvikling av reisemålet. Samlinga på onsdag var difor eit viktig steg vidare. Ho skal styrkja nettverket og samarbeidet i næringa, noko deltakarane òg har peika på i tilbakemeldingane sine gjennom dagen, seier næringssjef Marianne Furheim.
Tekst og foto: Vigleik Brekke