Frå markeringa av Barnehagedagen 2026 i kultursalen i Øygarden rådhus.Liljevatnet, Straume og Leirstaden barnehage har over tid vore syngande barnehagar, med god kontakt og oppfølging av Åshild Eriksen frå kulturskulen. Nettopp det som er overskrifta til barnehagedagen i år, finn desse tre barnehagane m.a. gjennom song, fellesskap og glede. Vi ønsker å visa det fram, og ingen er betre til det enn barna sjølve.
Så etter planlegging, samarbeid, invitasjonar til familie og aktuelle, både frå politisk og administrasjonen, var dagen der; kultursalen var booka og alle gledde seg – barna har øvd, og plan for dagen var klar.
Barnehagane hadde øvd inn 6 like songar i tillegg til eín som kvar einskild barnehage song under dyktig leiing frå høvesvis Stine, Gerd og Silje. Åshild sto for regien på fellesdelen, og koordinerte både barna, pianist Lasse Økland og til slutt heile salen med på allsong.
Vi er stolte over kva barna fekk til, og korleis dei takla å synga med glede og entusiasme slik at både røynde barnehagefolk, familie og andre felte både ei og fleire tårer.
Takk også til flott helsing frå ordførar Tom Georg og Cathrine frå utdanningsforbundet. Til sist fekk barna kvar sin is (!) og ei aktuell barnebok frå utdanningsforbundet og fagforbundet. Stas!
Så bar det tilbake til barnehagen med vissa om at i dag hadde vi gjort ein forskjell for mange; Ei god handling som både store og små bar med seg vidare inn i den regntunge tysdagen.
Tekst og foto: Janita Sandvik Sjøvold