Natteravnar i Øygarden
Privat
Samstundes vil vi vera tydelege på at ungdomskriminalitet og utfordringar blant ungdom går i bølgjer. Dei aller fleste ungdomane bidrar til å skapa gode ungdomsmiljø, dei bryt ikkje lova og opplev det som trygt å veksa opp i Øygarden kommune. Vi ser at foreldre i Øygarden kommune er opptatt av å støtta sin eigen og andre sine ungdomar på vegen inn i vaksenlivet. Likevel vil vi nederst i artikkelen dela nokre råd til dykk ungdomsforeldre.
Uro og stress i kroppen
Nokre ungdomar kjenner stort press i kvardagen og kan hamna i situasjonar som gjer det vanskeleg for dei. Det kan handla om sal eller byte av klede, «gjeldsavtalar», deling av bilete og eit sterkt ønske om å passa inn. Små misforståingar kan utvikla seg til konfliktar med vald, truslar, pengepress eller press om handlingar dei eigentleg ikkje ønskjer. For ungdom kan dette kjennast stort, skummelt og vanskeleg. Uro og stress set seg i kroppen og dei tek det med inn i skuledagen. Nokre ungdomar held seg heime fordi dei kjenner seg utrygge.
Det digitale livet kan bli ei belastning
Nokre ungdomar brukar ulike kontoar eller eigne appar i kontakt med vener. Dette betyr kanskje ikkje at dei vil skjula alt. Ofte handlar det om å ha ein stad som dei opplever som sin eigen. Når konfliktar eller truslar skjer på ein slik konto eller app, kan det vera eit tungt ansvar å bera åleine.
Ungdom testar grenser
Nokre ungdomar prøver ut snus, vape, alkohol og/eller ulovlege rusmidlar. Sjølv om dette kan vera vanleg i ungdomstida, kan det vera sårbart – særleg når eldre ungdomar er involverte eller når nokon får ein slags status ved å skaffa ting til andre. Dette handlar ofte om ønske om å høyra til meir enn om sjølve rusmidlane. Unge som testar grenser, treng varme vaksne rundt seg både heime og på skulen.
«Snitching» og kvifor vi må snakka om det
I barne- og ungdomsmiljø brukar mange ordet «snitching» om det å seia frå når noko ikkje er greitt. Mange barn og ungdomar kan kjenna at dei sviktar venene sine dersom dei fortel ein vaksen om mobbing, utestenging, farlege situasjonar eller andre problem.
Som vaksne må vi hjelpa dei til å forstå skilnaden mellom å sladra og å seia frå for å verna seg sjølv eller andre.
- Sladring handlar ofte om småting som ikkje får følgjer.
- Å seia frå handlar om å stoppa urett, skapa tryggleik og bygga eit godt miljø.
Barn og ungdom treng støtte for å våga å seia frå. De som foreldre kan hjelpa ved å:
- Snakka positivt om det å be om hjelp.
- Gjera det tydeleg at det aldri er gale å seia frå når nokon vert såra, mobba eller sett i ein vanskeleg situasjon.
- Stadfesta at det å varsla ein vaksen er ein styrke, ikkje eit svik.
- Lytta utan å døma og visa at de tek barnet på alvor.
Når vi saman byggjer ein kultur der det er trygt å seia frå, hjelper vi barna til å ta gode val.
Ungdom treng trygge vaksne rundt seg – i heimen, i nærmiljøet og i skulen. Dersom barn eller ungdom vert utsette for straffbare forhold, vil vi oppfordra foreldre til å ta kontakt med politiet.
Dette kan de som foreldre bidra med:
- Vera ein god rollemodell. Inkluder vener og jamaldringar i det som skjer på fritida. Å høyra til i eit fellesskap er viktig for å ha ei god ungdomstid.
- Skapa gode fellesskap. Bidra med aktivitetar der alle kan finna sin plass – både i organiserte og uorganiserte fritidstilbod og i arrangement i regi av skulen.
- La ungdomane sjølve bidra. Lytt til initiativa og engasjementet deira. Det er viktig at dei får kjenna at dei betyr noko for andre.
- Legg til rette for gode vennskapsopplevingar. Hjelp til med å inkludera dei som ønskjer å vera med.
- Stå saman som vaksne. Når foreldre har felles grenser og snakkar saman, blir det lettare for ungdomane å velja rett.
- Bry dykk om det digitale livet. Ungdom treng ikkje overvaking, men dei treng merksemd. Ver nysgjerrig og spør korleis dei har det på TikTok, Snapchat og Instagram. Minn dei på reglar for deling av bilete og video.
- Dela dersom noko uroar deg. Tilsette i skulen ønskjer at de tek kontakt dersom de som foreldre vert urolege for noko de har observert eller erfart. Det er lettare å hjelpa når vi får vita tidleg kva som skjer. Då kan vi førebygga større alvorlege hendingar.
- Ikkje sprei rykte. Ungdomane deler informasjon raskt. Då kan «vandrehistorier» oppstå. Som foreldre er det viktig å vera nøye på kva som faktisk er observert eller erfart, og oppfordra ungdomane til å ikkje ukritisk dela vidare det dei berre har høyrt frå andre.
Helsing oss som jobbar med ungdomar i Øygarden kommune og politiet