Over 1 700 innspel til kommuneplanen

- Denne gode responsen viser at folk bryr seg om nærmiljøet sitt. Det seier leiar i kommuneplanutvalet Svein Otto Jacobsen (Frp) etter at det har kome inn 1 730 innspel til arealdelen til kommuneplanen innan fristen 8. mars.

Dei gler seg over mange innspel til arealdelen til kommuneplanen. Frå venstre; Svein Otto Jacobsen (leiar kommuneplanutvalet), Lisbeth Selstø (plan), Tonje Kyrkjeeide Åsebø (plan) og Kristian Espeseth (plan). - Klikk for stort bileteDei gler seg over mange innspel til arealdelen til kommuneplanen. Frå venstre; Svein Otto Jacobsen (leiar kommuneplanutvalet), Lisbeth Selstø (plan), Tonje Kyrkjeeide Åsebø (plan) og Kristian Espeseth (plan).

Mange sendte inn merknadene sine tett opp til fristen.

- I løpet av den siste helga kom det inn 500 innspel. Nesten alle innspela er komne inn digitalt. Vi har fått inn mange merknader om å verna naturen, seier samfunnsplanleggjar Lisbeth Selstø.

Administrasjonen skal no gå gjennom innspela. Alle innspela kan ein finna ved å gå inn på det digitale kartet. Kvart enkelt innspel vert ikkje konkret kommentert, men sortert og vurdert opp mot strategiane som går fram av kartet. 

Administrasjonen (kommunedirektøren) presenterer utkast til arealdelen til kommuneplanen rundt 1. september. Eín månad seinare vil kommunestyret venteleg vedta å leggja planen ut på høyring i seks veker. Kommunestyret vedtek planen i løpet av første halvår 2027.

Svein Otto Jacobsen gler seg stort over at så mange har kome med innspel.

- Det viser at vi har nådd fram med bodskapen og at folk engasjerer seg for nærmiljøet sitt. Det har vore arrangert fleire kontordagar på innbyggartorga og biblioteka. Det har gjort det enklare for mange å senda inn merknader til planen elektronisk, seier han. 

Kommuneplanleggjarane seier at mange er opptekne av tilgang til sjø. Det gjeld både private behov og allmenn tilgang til strandsona. Mange er opptekne av å redusera miljøavtrykket. Ein god del av innspela gjeld lokale initiativ knytt til turisme. Døme på dette er gardsturisme og andre former for overnattingstilbod. 

Arealdelen til kommuneplanen gjeld for perioden 2027-2039. 

- Vi vil politisk vurdera kor ofte planen skal rullerast, seier Svein Otto Jacobsen.

Les meir om arealdelen til kommuneplanen her.


Tekst og foto: Vigleik Brekke